Gå til hovedinnhold

Nye målingar av framandstoff i sjømat frå fjordar og hamner


To torsker som svømmer rett over havbunnen.

Havforskarane har analysert prøver frå kysttorsk, brosme og taskekrabbe for å granske førekomstane av framandstoff. 

Fotograf: Erling Svensen / Havforskningsinstituttet

HI har undersøkt framandstoff i kysttorsk, brosme og taskekrabbe frå Bergen, Kragerø, Grenland og Ålesund.

Om du kjøper fisk i butikken, er du forsikra om at denne fisken ikkje inneheld miljøgifter over ein fastsett grenseverdi.

Denne garantien har du ikkje dersom du fiskar sjølv. 

Mattilsynet åtvarar difor mot å ete nokre typar sjømat frå ei rekkje hamner, fjordar og innsjøar, der ein har grunn til å tru det er forureining.

No har Havforskingsinstituttet på nytt kartlagt tre av områda der slike åtvaringar eksisterer. 

– Vi har analysert sjømatprøver frå Bergen, Kragerø/Grenland og Ålesund for å gje Mattilsynet eit datagrunnlag for å vurdere om områdeåtvaringane bør verte oppretthaldne, utvida eller minska, seier havforskar Tanja Kögel. 

Ho er ein av forfattarane av den nye rapporten, som er utført på bestilling frå Mattilsynet. 

Her kan du sjå Mattilsynet si oversikt over område med koståtvaring.

Har granska torsk, brosme og krabbe 

Forskarane har granska førekomstane av tungmetall, dioksinar, PCB og bromerte flammehemmarar i kysttorsk, brosme og taskekrabbe fiska i 2019-2021. 

I rapporten legg dei fram funn av framandstoff i sjømat med høgare konsentrasjonar enn det som ville vore lov å selje i butikken. 

Dette viser rapporten: 

Kragerø/Grenland

  • Torsk: Det var låge gjennomsnittlege konsentrasjonar av kvikksølv i torskefiletane. Ved alle stasjonane var nivåa under 0,2 mg/kg, og langt under den allmenne grenseverdien på 0,3 mg/kg.
    Merk at torsken som var mogeleg å fiske i dette området var relativt små, og kvikksølvkonsentrasjon er høgare i større og eldre torsk. 
     
  • Brunmat av krabbe: Prøvene synte forhøga nivå av dioksinar og dioksinliknande PCB i brunmat av krabbe frå området. Det var særleg høge konsentrasjonar i Grenlandsfjorden – der det i dag er åtvaringar for krabbe – men også utanfor dette området var nivåa relativt høge. 

Bergen

  • Torsk: Det var låge konsentrasjonar av kvikksølv i torsk fiska i Bergensområdet. Gjennomsnittet var under 0,2 mg/kg våtvekt ved alle stasjonane.
    Merk at forskarane, grunna dårleg fangst, ikkje fekk teke torskeprøver i sør, i området rundt Haakonsvern, i Grimstadfjorden og Nordåsvatnet – område som i dag er omfatta av åtvaringar til gravide og ammande. 
     
  • Brosme: Brosmefilet frå dei to sørlegaste stasjonane hadde kvikksølvkonsentrasjonar over grenseverdien på 0,5 mg/kg. Begge desse stasjonane ligg utanfor området kor det i dag vert åtvara mot brosme og lange. 
    Ved ytterlegare tre stasjonar var det gjennomsnittlege kvikksølvnivået like under grenseverdien, og to av desse er utanfor området for gjeldande åtvaring. 
     
  • Brunmat av krabbe: Det var nokså høge konsentrasjonar av dioksinar, dioksinliknande PCB og PCB6 i brunmat av krabbe frå dei to undersøkte stasjonane. Nivåa var særleg høge ved Bontelabo i Bergen hamn, men også relativt høgt ved lokaliteten i Åsane, nord for grensa for åtvaringsområdet. 

Ålesund

  • Torsk: Filet frå torsk hadde eit gjennomsnittleg kvikksølvnivå over 0,2 mg/kg våtvekt i området i Ellingsøyfjorden, der det i dag er åtvaring for gravide og ammande. 
    I tillegg synte prøver av torsk teken aust for gjeldande åtvaringsområde ein kvikksølvkonsentrasjon lik dagens grenseverdi på 0,3 mg/kg. 
     
  • Brosme: I snitt var kvikksølvkonsentrasjonen i brosme frå Valderhaugsfjorden like nord for Ålesund over grenseverdien på 0,5 mg/kg. Ved Hovland i Ellingsøyfjorden, der det i dag er åtvaring mot torsk for gravide og ammande, var nivået rett under denne grensa. 
     
  • Brunmat i krabbe: Det var lågare konsentrasjonar av dioksinar og dioksinliknande PCB og PCB6 i brunmaten frå krabbe i Ålesundområdet, enn i krabbe frå dei andre undersøkte områda. 

Felles for alle områda: 

Kor mykje brunmat er for mykje brunmat?

Prøver frå fleire av stasjonane i Bergensområdet og Kragerø/Grenlandsområdet synte forhøga nivå av dioksinar og dioksinliknande PCB i brunmat av krabbe. 

– Sidan krabbebrunmat vert rekna som sesongmat, har det ikkje nokon grenseverdi, men barn, gravide og ammande vert åtvara mot å ete brunmaten av krabbe, forklarar Kögel. 

For å vurdere om desse områda bør ha åtvaring, bør ein først rekne ut kor stort inntak ein kan ha før det skrir over såkalla tolerabelt vekentleg inntak (TWI). Altså, kor mykje brunmat av krabbe ein kan ete kvar veke over lang tid utan å vente negative konsekvensar. 

Dette må òg vurderast i samanheng med kor stor belastninga er frå andre matvarer, ein såkalla eksponeringsmargin (MOE). 

Mattilsynet åtvarar dessutan alle mot å ete krabbar fanga nord for Saltfjorden og opp til Vesterålen, fordi undersøkingar viser at dei har høgt innhald av kadmium. 

– Ei scenarioutrekning av VKM syner at vaksne ikkje bør ete meir enn 13-14 heile krabber fanga sør for Saltfjorden per år, seier Kögel. 

Referanse: 

Tanja Kögel, Martin Wiech og Sylvia Frantzen (HI). Sjømat frå havner og fjorder med kostadvarsel. Rapport frå havforskningen 2023-48