Gå til hovedinnhold

Auka kvoteråd for sei i Nordsjøen


Sei som svømmer i havet, mørk bakgrunn.

Bestanden av sei i Nordsjøen ser no ut til å gå rett veg.

Fotograf: Erling Svensen / Havforskningsinstituttet

Havforskarane kom i dag med kvoteråd for 2024 for botnfisk i Nordsjøen og områda rundt.

Kvoteråda blir gitt årleg av Det internasjonale havforskingsrådet (ICES), der forskarar frå Havforskingsinstituttet (HI) samarbeider med havforskarar frå dei andre landa rundt Nordsjøen.

Oppgang for sei

For sei gir årets kvoteråd eit positivt signal. ICES tilrår at fangstane av sei i Nordsjøen, ved Rockall, vest av Skottland, i Skagerrak og Kattegat ikkje overstig 73 815 tonn. Det er ein auke på 25 prosent frå kvoterådet for 2023.

Fangstane i 2021 og 2022 var på rundt 50 000 tonn, som var det lågaste i perioden frå 1967 fram til i dag.

– Historisk sett er seibestanden framleis låg, men det ser no ut til å gå rett veg. Det har samanheng med at rekrutteringa har blitt litt betre dei siste par åra, samtidig som fiskepresset har blitt redusert, seier HI-forskar Bjarte Bogstad.

Torskerådet utsett

Sei og torsk er dei viktigaste botnfiskbestandane for norsk fiskeri i Nordsjøen.

For torsk er kvoterådet utsett til 19. september på grunn av at det nyleg har vore ein metoderevisjon. 

I tillegg til sei har ICES gitt kvoteråd for hyse, kviting, lysing og raudspette i Nordsjøen og områda rundt. Sjå alle kvoteråda her:

Sei

Hyse

Kviting

Lysing

Raudspette

Lenke til råda for Nordsjøartane på ICES sine nettsider
Lysing-rådet finn du her