Gå til hovedinnhold

Har sjekka fiskekake-fisken for framandstoff


Et nært utsnitt av en vassild som ligger sammen med flere fisk. Vassilden er kjennetegnet av at den har store øyne

Du har nok sjeldan funne vassild i frysedisken, men du har nok ete ein del av ho likevel – fisken vert nemleg ofte brukt i fiskekaker, fiskebollar og fiskepudding, då gjerne under namnet «kvitlaks».

Fotograf: Øystein Paulsen / Havforskingsinstituttet

Nokre få filetprøver hadde nivå som var høgare enn grenseverdiane.

Havforskarane har analysert 250 flekksteinbit, 176 gråsteinbit og 343 vassild/strømsild for å sjekke kor mykje framandstoff dei ber i seg. 

Resultata viser at nivåa i dei undersøkte artane generelt var låge.

– Men i nokre få enkelttilfelle var nivåa likevel over grenseverdiane sette av Noreg og EU for lovleg omsetnad av fisk som skal brukast til mat, seier forskar Martin Wiech. 

Kartlegginga er utført på oppdrag frå Mattilsynet. 

Tungmetall og organiske miljøgifter

Dei undersøkte fiskane er samla inn gjennom tokta til HI, referanseflåten og ved hjelp av fritidsfiskarar. Forskarane har lagt vekt på områda der desse artane vert kommersielt fiska i størst omfang.  

Havforskarane har analysert for tungmetall og organiske miljøgifter (dioksin og PCB) som har grenseverdi, og i tillegg klorerte pesticid og PFAS. 

Resultata synte: 

•    Bly-innhaldet i filet var svært lågt. Berre nokre få verdiar var over kvantifiseringsgrensa (LOQ), som er den minste konsentrasjonen metodane klarar å setje tall på. 

•    Kadmium-innhaldet var lågt i flekk- og gråsteinbit. Noko høgare konsentrasjonar vart funne for vassild teken i dei sørlegaste områda, men også desse var under grenseverdien. 

•    I snitt var kvikksølvkonsentrasjonen langt under grenseverdien på 0,5 mg/kg. Men fem filetprøver frå gråsteinbit hadde kvikksølvnivå over grenseverdi, og desse var frå forskjellige område og frå fisk av ulik storleik. Kvikksølvnivåa var i snitt høgast i gråsteinbit, følgt av flekksteinbit og vassild/strømsild. 

•    Nivåa av dei persistente organiske miljøgiftene dioksin og PCB var låge i dei undersøkte artane, sjølv om éi filetprøve av flekksteinbit oversteig grenseverdien for dioksin og dioksinliknande PCB. Konsentrasjonen var over tre gongar så høg som snittet for den aktuelle stasjonen og kan tolkast som ein uteliggar.

•    Nivåa i filet av dei aller fleste klorerte pesticid som vart undersøkte var svært låge i alle dei granska artane, med nivå under kvantifiseringsgrensa i dei fleste prøvene. DDT, toksafen, klordan, HCB, dieldrin og trans-nonaklor vart funne i målbare konsentrasjonar i ein del filetprøver. 

•    PFAS-nivåa var låge i alle artane med nivå under dei nyleg fastsette grenseverdiane, der metoden var sensitiv nok til å måle dette, og elles med nivå under kvantifiseringsgrensa i dei fleste filetprøvene.

•    Nivåa av dei fleste organiske miljøgiftene som vart undersøkte var i snitt høgare i lever enn i filet. 

Steinbit ≠ steinbit

Sjølv om flekk- og gråsteinbit har mange likskapstrekk, er det også nokre forskjellar. 

Flekksteinbit og gråsteinbit fiska på same tid frå same stasjon hadde like kvikksølv-konsentrasjonar, men gråsteinbiten var mindre. 

Forklaringa ligg truleg i kor fort desse fiskane veks. 

Gråsteinbiten veks saktare, og difor har han hatt tid til å akkumulere like store mengder kvikksølv som flekksteinbiten endå han ikkje har vakse seg like stor.

Worst case-fjord

I tillegg til dei kommersielt viktige stasjonane, har havforskarane òg teke prøver frå Sørfjorden ved Osterøy, som eit mogeleg worst case-område for vassild. 

Der trur forskarane det kan vere forureining, og difor er fjorden eit godt utgangspunkt for å sjå om denne fisken i det heile har evne til å ha så høge framandstoff-verdiar at dei er problematiske.

– Resultata viser høgare nivå enn frå dei andre stasjonane, men ikkje store overskridingar av grenseverdiane, seier Wiech.

Tre enkeltprøver frå vassild teke i dette området synte nivå over grenseverdi for dioksin og dioksinliknande PCB. I dei kommersielle fiskeområda for vassild hadde filetprøvene nivå langt under grenseverdi.  

Referanse: 

Martin Wiech, Sylvia Frantzen, Yves Reecht, Elvar H. Hallfredsson og Bente Nilsen (HI) «Fremmedstoffer i flekksteinbit, gråsteinbit og vassild/strømsild. Sluttrapport for kartleggingsprogrammet «Miljøgifter i fisk og fiskevarer» 2019-2022» Rapport frå havforskingen 2023-52. Lenke: https://www.hi.no/hi/nettrapporter/rapport-fra-havforskningen-2023-52