Gå til hovedinnhold

Tema: Steinbit

Vi har tre steinbitartar i norske farvatn: blåsteinbit (Anarhichas denticulatus), flekksteinbit (A. minor) og gråsteinbit (A. lupus). Barentshavet er det viktigaste utbreiingsområdet for flekksteinbit og blåsteinbit, mens gråsteinbit har ei mykje vidare utbreiing langs heile norskekysten og i Nordsjøen.

Både blåsteinbit og flekksteinbit vandrar fleire hundre kilometer mellom gyte-, beite- og overvintringsområde. Dei lever på djupare vatn, der temperaturen og saltinnhaldet varierer mindre. Blåsteinbiten skil seg noko ut frå dei andre artane ved å ha eit meir pelagisk levevis gjennom heile livet. Flekksteinbiten lever på djupare vatn, der temperaturen og saltinnhaldet varierer mindre. Gråsteinbiten er mykje meir stasjonær enn dei to andre steinbitartane. I tillegg er han meir kystnær og lever på grunnare vatn.

Gyting og gytefelt

Steinbit har ein sesongmessig beitesyklus. Frå oktober til mai skifter dei ut tennene og sluttar då å beite. Hos blåsteinbiten føregår utskifting av tenner og gyting seint i perioden. Den reproduksjonsmessige syklusen ser ut til å vare over to år. Gytinga går føre seg over fleire månader frå vår til haust. Nokre modne individ hoppar gjerne over ein gyteperiode. 

Blåsteinbiten sine gytefelt er langs kontinentalskråninga djupare enn 400 meter. Dei viktigaste gytefelta til flekksteinbiten meiner ein er i den sørvestlege delen av Barentshavet, frå 300 til 400 meters djup, der Atlanterhavsstraumen delar seg i ei grein innover i Barentshavet og ei grein nordover mot Vest-Spitsbergen. Gyteområda til gråsteinbiten ligg nær kysten, i fjordar og vågar frå 50 til 150 meters djup.

Egga til alle tre artane er store, 4–6 mm i diameter, og gonaden kan utgjere opptil 25–35 % av kroppsvekta. Alle egga modnar samtidig, og heile eggmassen blir klistra som ein ball til ein steinete sjøbotn. Hofisken modnar tidlegare og ved ein mindre storleik enn hannfisken. Så langt har ein ikkje klart å påvise rennande mjølke hos hannfisken, truleg på grunn av den korte perioden dette føregår.

Egga blir klekte etter 9–10 månader, og larvane flyt opp mot overflata og blir ført vidare med havstraumar til dei ved ein viss storleik søkjer ned mot botn igjen. Utbreiinga av ungfisk av dei ulike steinbitartane blir mellom anna påverka av kva djup eggmassen blir lagt i forhold til havstraumane.

Gråsteinbit.
Flekksteinbit.
Blåsteinbit.

Status og råd

Havforskingsinstituttet har kartlagt mengdene av dei tre steinbitartane under det årlege vintertoktet i februar i dei same områda i det sørlege Barentshavet sidan 1981. Resultat frå vintertokta (2012–2017) viser at talet på blåsteinbit no er rundt 85 % av langtidsgjennomsnittet for 1981–2003. Flekksteinbit er på same nivå som langtidsgjennomsnittet og gråsteinbit klart over. I heile vintertoktområdet i 2017 vart det registrert 4,3 millionar blåsteinbit med middellengd 85 cm, 6,8 millionar flekksteinbit med middellengd 61 cm og 9,8 millionar gråsteinbit med middellengd 30 cm.

Det russiske havforskingsinstituttet PINRO har følgt bestandsutviklinga til alle tre artane i Barentshavet sidan 1979. Frå 1979 til 1985 var det ein klar nedgang i førekomstane av blåsteinbit og flekksteinbit etter ein tiårsperiode med særs intensivt fiske av den sovjetiske trålflåten. Fram til 2000 heldt blåsteinbitbestanden seg stabil, men vart så redusert, før han igjen dei siste to åra viser teikn til betring. Førekomst av flekksteinbit har ifølgje russiske toktdata aukan og er no på 1980-tals nivå. Bestanden av gråsteinbit i Barentshavet har ifølgje toktet vist ein klar auke i Barentshavet etter 2002.

Langs norskekysten og i Nordsjøen er det stort sett berre fangststatistikken vi har å støtte oss til.

Fiskeri

Det er først og fremst Noreg og Russland som driv direkte fiske på steinbit. Andre land rapporterte berre 768 tonn steinbit, tatt som bifangst i andre fiskeri, til norske myndigheiter i 2016 – av dette 523 tonn sør for 62oN.

Frå 1905 til 1950 auka dei internasjonale fangstane av steinbit i Barentshavet og langs kysten frå 100 tonn til 14 000 tonn. Etter dette varierte dei årlege fangstane mellom 6 000 og 44 500 tonn. Eit høgt kvantum i 1997–2001 skuldast først og fremst eit intensivt fiske etter blåsteinbit. Arten var lite utnytta tidlegare, men vart no ekstra populær på grunn av bifangstreguleringar av andre artar (m.a. blåkveite) og ein aukande russisk marknad. Dette intensive fisket er nok årsak til den negative bestandsutviklinga av blåsteinbit i seinare år. Etter 2001 vart dei totale fangstane nord for Stad mindre, men har sidan betra seg noko (24 567 tonn i 2016). Dei russiske fangstane har dei siste tre åra lege kring 19 000 tonn, mens dei norske fangstane har lege på vel 6 000 tonn.