Gå til hovedinnhold

Har sjekka torskefisk i Nordsjøen for miljøgifter – det går seint nedover


Forskingsfartøyet G. O. Sars til havs

Sidan 2005 har havforskarar om bord på «G.O. Sars» og «Johan Hjort» teke fiskeprøver i Nordsjøen, for å sjekke miljøgift-nivået. Her eit illustrasjonsfoto av «G.O. Sars» på tokt utanfor Utsira. 

Fotograf: Christine Fagerbakke / HI

Og for ei stoffgruppe går det oppover, trass i at miljøgifta er forboden.

Nokre miljøgifter har så lang nedbrytingstid at dei vert verande i naturen fleire tiår etter at dei har vorte sleppte ut. 

Sidan 2005 har havforskarane difor fiska torsk, hyse og sei i Nordsjøen for å granske kor mykje av desse miljøgiftene som framleis hopar seg opp i fiskelevra. 

– Resultata viser at det har vore ein markant nedgang for fire av dei seks stoffgruppene vi har undersøkt i desse tre torskefiskane, seier forskar Stepan Boitsov. 

Samstundes er det ikkje berre godt nytt: For éi stoffgruppe fann forskarane ein auke i både torsk og hyse. 

Forbodne miljøgifter

Den nypubliserte tidsserien baserer seg på fiskeprøver tekne frå forskingsfartøya «G.O. Sars» og «Johan Hjort», om lag kvart tredje år sidan 2005 fram til 2019.

Miljøgiftene forskarane granskar, er såkalla POP-ar – persistente organiske miljøgifter. Nokre har tidlegare vorte brukte som plantevernmiddel eller insektsdreparar, nokre er industrikjemikalium for å produsere produkt som måling og gummi, og andre igjen er flammehemmarar. 

Felles for desse er at dei har lang levetid i naturen, vert akkumulerte oppover i næringskjeda, og er skadelege både for menneske og miljø. 

– Det er òg ein av grunnane til at dei aller fleste i dag er forbodne gjennom avtalar som Stockholm-konvensjonen, forklarar Boitsov. 

Miljøgiftene er feittløyselege, og samlar seg opp i spekk og lever. Særleg sårbare er topp-predatorane – artane som ruvar øvst i næringskjeda, som berre et andre fisk og difor kan akkumulere større mengder miljøgift. 

Utsikt over ripa på eit fartøy. Sola er i ferd med å gå ned i horisonten
Nordsjøen er eit viktig område kommersielt, men det er òg eit område som er påverka av menneskeleg aktivitet – anten det er fiske, skipstrafikk, olje- og gassutvinning eller utbygging av havvind. Her frå reketoktet i 2021. Foto: Heidi Gabrielsen / Havforskingsinstituttet

Størst nedgang for den sist forbodne miljøgifta

I alle dei tre granska fiskeartane har det vore ein markant nedgang i nivåa av stoffgruppene PCB, DDT, HCH og PBDE, syner resultata. 

– Bromerte flammehemmarar (PBDE), som faktisk er miljøgifta som sist vart forbode, har den skarpaste nedgangen. Tiltak som forbod gjev størst effekt i starten og så flatar nivåa ut etter kvart, seier Boitsov. 

Også for TNC har det vore ein nedgang i nivåa hos hyse og sei, medan nivåa er stabile i torsk. 

– Håpet har vore at nivåa skulle gå ned etter at det internasjonale samfunnet iverksette tiltak som forbod. Vi ser at dei fleste miljøgift-nivåa går ned, men òg nokre som ikkje gjer det – eller som går ned veldig sakte. Her kan artsforskjellar spele ei rolle, seier forskaren.

Auka i HCB-nivåa

Der kurva har gått i feil retning, er for HCB.  

Resultata synte at HCB-konsentrasjonen i torsk og hyse har auka, medan det i sei er ein mindre nedgang. 

– Denne auken speglar truleg eit vedvarande utslepp av denne miljøgifta frå noverande kjelder, seier Boitsov. 

Endå HCB har vore omfatta av Stockholm-konvensjonen sidan 2004, er det framleis noko tilførslar av stoffet til miljøet. Miljøgifta kan nemleg oppstå som biprodukt ved produksjon av nokre organiske løysemiddel og enkelte pesticid. I tillegg kan HCB verte tilført miljøet om industriavfall som inneheld klorerte organiske materiale ikkje vert fullstendig forbrent.

Ein sei under vann
Forskjellane mellom dei tre torskefisk-artane, kan kome av at dei har ulike matvanar og åtferd. Hjå seien er det til dømes ein liten nedgang i HCB-nivået, medan det er ein auka hjå både torsk og hyse. Illustrasjonsfoto: Erling Svensen / HI 

Undersøker også Barentshavet og Norskehavet

Forskarane har også samanlikna resultata frå Nordsjøen med ein tilsvarande tidsserie dei har bygd opp frå Barentshavet. Der har havforskarane prøver heilt tilbake til 1992. 

Nivåa av alle miljøgiftene, med unntak av HCB og TNC, var høgare i torsk og hyse frå Nordsjøen enn i Barentshavet. 

Havforskarane har også samla prøver frå Norskehavet, men resultata frå desse dataa er endå ikkje klare. 

– Desse tidsseriane er resultat av langvarige overvakingsprosjekt HI har i dei tre havområda, og gjev oss verdifull kunnskap. 

Viktig med internasjonal innsats

Samla sett, syner resultata at det har vore ein nedgang i majoriteten av dei studerte miljøgiftene i nokre eller alle dei tre artane i Nordsjøen.  

– Dette stadfestar kor viktig det er med ein internasjonal innsats for å fase ut desse miljøgiftene, seier Boitsov.

Auken i HCB-nivåa er likevel eit tankekors, påpeikar forskaren:

– Det syner kor vanskeleg det er å fjerne desse miljøgiftene frå det marine miljøet.

Referanse:

Stepan Boitsov, Sylvia Frantzen, Are Bruvold, Bjørn Einar Grøsvik. «Varying temporal trends in the levels of six groups of legacy persistent organic pollutants (POPs) in liver of three gadoid species from the North Sea». Chemosphere, Volume 349, 2024, 140939, ISSN 0045-6535, DOI: https://doi.org/10.1016/j.chemosphere.2023.140939.

Stepan Boitsov, Bjørn Einar Grøsvik, Guri Nesje, Ketil Malde, Jarle Klungsøyr. «Levels and temporal trends of persistent organic pollutants (POPs) in Atlantic cod (Gadus morhua) and haddock (Melanogrammus aeglefinus) from the southern Barents Sea» Environmental Research, Volume 172, Mai 2019. DOI: https://doi.org/10.1016/j.envres.2019.02.008