Gå til hovedinnhold

Sjå videoen: Her merkar forskarane sin første vågekval

Kor viktig er eigentleg kvalen i havets karbonsyklus? Det skal havforskarane no finne ut av. 

Rett under vasskorpa glir vågekvalen framover i vatnet. 

Ein båt nærmar seg forsiktig det store dyret. 

I baugen står forskar Audun Rikardsen frå UiT Norges arktiske universitet med blikket festa på kvalen. Han instruerer båtføraren: Litt mot høgre, litt lenger fram. Omsider er han nær nok, han trekker av på merkerifla. 

Suksess! Vågekvalen sym vidare som før, men no med eit lite satellittmerke som passasjer. 

–  Dei er veldig utfordrande dyr å merkje, for dei sym raskt og er berre nokre få sekund i overflata, forklarar havforskar Carla Freitas. 

Kvalen og karbonet

Vågekvalen var den første som vart merkt i Horizon Europe-prosjektet OceanICU, der Havforskingsinstituttet er ein av 31 partnarar. OceanICU skal gå over fem år og vert leia av NORCE.

– Målet med prosjektet er å forstå det oseaniske karbonkrinsløpet betre – og særleg den biologiske delen, som er meir kompleks enn det ein først gjekk ut frå, seier Freitas. 

Til no har ein hovudsakeleg granska korleis planteplankton og bakteriar bidreg til den biologiske karbonsyklusen i havet – korleis planteplankton tek opp CO₂ gjennom fotosyntese, og går inn i næringskjeda eller søkk til djuphavet, der karbonet vert langtidslagra. 

Men dei siste åra har forskarane etterlyst kunnskap om korleis andre organismar mot høgtrofisk nivå – som kval – bidreg.

Det er dette HI sine havforskarar no skal granske med utgangspunkt i vågekvalen, som vi allereie har gode biologiske data på.

På kva måte og i kor stor grad påverkar han den biologiske karbonkrinsløpet? 

Ryggen av ein vågekval i havoverflata.
Kor mykje har vågekvalar som denne å seie for karbonkrinsløpet i havet? Foto: Carla Freitas/HI

Havets ku?

Når kvalen et, anten måltidet finn stad i overflata eller i djupvatn, skil han ut avføring og urin i store mengder. Til saman bæsjar faktisk vågekvalane rundt Svalbard heile 600 tonn kvar einaste dag.  

Forskarane har ein teori om at kvalbæsj og urin er viktig for planteplanktonet – at avføringa gjødslar havet, slik som kyr og sauer gjødslar mark på land. 

– Vi har begynt å rekne på kor mykje næringsstoff kvalane skil ut, for dette finst det ikkje gode data på enno, seier Freitas. 

Ved hjelp av kvalmerkene, skal havforskarane undersøke kor kvalen får i seg næringsstoffa – kor djupt dei dukkar og kor i vassøyla dei et. 

– I neste ledd skal vi granske korleis planteplanktona tek opp næringsstoffa, fortel forskar Kjell Gundersen, som skal leie planktondelen av eksperimenta.

– I tillegg skal vi sjå på mengda karbon som søkk frå kvalavføring, og når ein kval døyr og sjølv søkk til djupvatn, legg Freitas til.

Spennande vandring

Vågekvalen utanfor Andenes er merkt med eit djupnemerke, som skal henge fast i nokre dagar. Det fortel både kor djupt kvalen dukkar og kor han sym.

– Vågekvalen har hatt veldig spennande rørsler. Han var på vandring nordover, og i løpet av nokre få dagar var han heilt nord i Russland, seier Freitas. 

Denne vandringa er truleg ein del av vågekvalen sin migrasjon til sommarbeite i dei nordiske hav. I vinterhalvåret oppheld vågekvalane seg i varmare strok, der dei parar seg og får ungar. 

Merket er programmert til å samle mykje data dei første dagane. Desse vert sende til forskarane via ein satellitt kvar gong kvalen er i overflata, og dannar utgangspunktet for å forstå kor desse store dyra et og oppheld seg.

I løpet av sommaren har to kvalar til vorte merkte, og forskarane håpar på endå fleire.

Nye kjelder til oppdaterte modellar

Dei nye dataa frå merkeprosjektet og labanalysane ender så opp på havforskar Morten Skogen sitt bord.

Han arbeider med økosystemmodellar, og er med i arbeidsgruppa som skal vidareutvikle dagens modellar med den nye kunnskapen som kjem frå OceanICU-prosjektet. 

– Hovudmålet er å granske karbontransport. For å redusere usikkerheita i klimaframskrivingar er det avgjerande å få med alle dei viktigaste prosessane, seier Skogen. 

Globale modellar, regionale modellar og prosessmodellar skal under lupa. 

Forskarane skal granske korleis modellane kan verte endå betre, og korleis ein i større grad kan overføre kunnskap frå lokale prosessar til det globale karbonbudsjettet – slik at ein òg får ei større forståing for kva rolle kvar enkeltdel spelar i karbonkrinsløpet.

Når Carla Freitas har samla inn data om vågekvalen sine rørsler og måltidsvanar, skal Skogen for første gong inkludere desse som ei kjelde. 

Så køyrer han same modellen to gongar: med og utan kval, for å sjå kor viktig kvalbæsjen er. 

– Det er kvalar i alle hav, så det store  spørsmålet er kor mykje dei bidreg i karbontransporten globalt, seier Skogen.