Gå til hovedinnhold

Lite virussmitte i utvandrande villaks


Foto av en fisk som hviler på bunnen.

Forskarane har testa utvandrande smolt for virus.

Fotograf: Erling Svensen

Havforskingsinstituttet undersøkjer årleg om villaks på veg ut frå elvane til oppvekstområda i havet vert smitta av virus frå oppdrettsfisk. Også i år blei det funne lite smitta fisk.

Virussjekken blei gjort på utvandrande laksesmolt frå Romsdalsfjorden, Hardangerfjorden og Boknafjorden.

– Det lave nivået på virussmitte  i villfisken tyder på at det er relativt få laksesmolt som vert smitta på veg ut i havet, seier forskar Abdullah Madhun.

 Ved så lave smittenivå, heilt ned mot grensa som er mogeleg å påvise, kan også nokre av påvisingane vere falskt positive.

Resultata støttar opp om tidlegare funn

– Resultata kan tyde på at det er lite sannsynleg at villfisk  fungerer som eit virus-reservoar som smittar oppdrettsfisken, seier Madhun.  

Sjølv om det var smitta oppdrettsfisk i området der villfisken blei fanga, fann ikkje forskarane like mykje virus i villaksen som i oppdrettslaksen.

Madhun påpeikar at det framleis er store kunnskapshol når det gjeld korleis sjukdomar vert overført mellom vill fisk og korleis dette igjen vert påverka av fiskeoppdrett. Også tidlegare er det gjort undersøkingar der det ikkje er funne samanheng mellom virussmitta villfisk og aktivitetar knytt til fiskeoppdrett.

– For å undersøke dette treng vi mellom anna lange tidsseriar som inkluderer villfisk i alle livsstadiane, seier han.

Undersøkte 180 laksesmolt

Forskarane analyserte 180 smolt for fem ulike virus som alle er vanlege i norske oppdrettsanlegg.

Resultata viser at to fisk hadde lave konsentrasjonar av SAV. Det er viruset som kan gje PD, ein sjukdom som er vanleg blant oppdrettsfisk på Vestlandet og Midt -Norge.

– Dette viser at utvandrande postsmolt truleg vart utsett for SAV frå oppdrettsfisk under utvandring, men det lave talet på virus i begge fiskane gjer at det er vanskeleg å seie om det er ein svak eller falsk påvising, seier Madhun.

Viruset som kan medføre sjukdommen infeksiøs lakseanemi, ILA, vart ikkje funne i nokre av fiskane som vart undersøkt.

– Det var berre eit utbrot av ILA i produksjonsområdet der vi fanga fisken, så vi anser risikoen for at villaksen har blitt utsett for dette viruset under utvandringa som veldig lav.

Det blei heller ikkje funne fisk med IPN-virus, samstundes var det få utbrot av denne sjukdommen i oppdrettsanlegga i dei tre undersøkte fjordane.  

Infeksjonar som oppstår pga. PRV-1 er vanleg hos oppdrettsfisk. Dette viruset blei også påvist i 11 utvandrande laksesmolt. To av desse hadde moderate virusmengder og ni hadde veldig lave, ned mot grensa som er mogeleg å påvise.

Viruset PMCV blei funne i 19 av dei testa fiskane, men i så lave konsentrasjonar at det kan ha vert falske påvisingar.

Oppdrag frå Mattilsynet

Overvakinga av helsetilstand hos vill laksefisk blir gjort på oppdrag frå Mattilsynet, og er eit samarbeid mellom Havforskingsinstituttet og Veterinærinstituttet.

Referanse

Madhun, A.S., m.fl. Annual report on health monitoring of wild anadromous salmonids in Norway 2022. Rapport fra havforskningen 2023-41.