Gå til hovedinnhold

Store variasjonar i næringsstoffinnhaldet i fiskefôr


ei svart bøtte fylt med brune pellets, ei hand tek ei ause nedi fiskefôret

I 2020 vart det produsert om lag 2 millionar tonn fiskefôr i Noreg.

Fotograf: Eivind Senneset/HI

Finn ulikskapar både mellom ulike typar fôr, men også mellom fôr av same sort. 

Kvart år tek Mattilsynet eit utval av prøvar frå norske fôrfabrikkar og sender til HI for analyse.

Prøvane blir analyserte for ei rekke uønskte stoff, forbodne stoff, bakteriar, tilsetningsstoff og næringsstoff. 

No er årets rapport klar. 

– Det som er nytt i år, er at vi har undersøkt næringsstoff i ulike typar fôr for ulike livsfasar, seier forskar Veronika Sele på Havforskingsinstituttet (HI). –  Vi har undersøkt startfôr, smoltfôr og vekstfôr til laks og aure.

Tidlegare har ikkje forskarane skilt på dei ulike typane. Men fôr tiltenkt ulike livsfasar kan ofte ha ulikt innhald av råvarer. Dermed vil ulike fôr kunne ha ulike nivå av både næringsstoff og uønskte stoff. 

Å vite kva fisken faktisk får servert i dei ulike fasane gjennom livet er viktig kunnskap, når ein skal vurdere om nivå av næringsstoff i fôret potensielt kan utgjere ein risiko for fiskehelsa. 

Finn forskjellar mellom ulike fôr

Forskarane finn relativt store variasjon i  kor mykje det er av enkelte vitamin og mineral i fôr. 

– Både mellom ulike typar fiskefôr,  men også mellom fôr av same type, fortel Sele. 

– Dette er kanskje ikkje helt uventa med variasjonar i nivå med tanke på at vi får fôr frå ulike fabrikkar som gjerne laga fôr tilpassa ulike forhold. Likevel er det litt overraskande at det er stor spreiing i konsentrasjonar av nokre mineral og vitamin også innan de ulike fôrtypane.   

Høge nivå av nokre mineral og vitamin i enkelte fôr

Fleire fôr hadde konsentrasjonar av minerala sink, selen og molybden over det som er tillatt for tilsettingsstoff. 

Forskarane fann også høge nivå av vitamin E og C i enkelte fôr. For B-vitamin var nokre fôr under behovet mens andre fôr hadde nivå nokså langt over behovsestimata.  

Samtidig er behovsestimata usikre. Råvarer, kva andre næringsstoff fisken får i seg elles og miljøfaktorar som lys og temperatur kan påverka fisken sitt behov. 

– Her treng vi meir forsking på mekanismar, seier HI-forskaren.

Lite uønskte stoff i fiskefôr

Forskarane sjekka også om fiskefôr inneheldt uønskte stoff. For nokre miljøgifter, som metall, dioksin og PCB, har Noreg og EU sett grenseverdiar.

Her var det ingen alvorlege funn eller særlege endringar frå tidlegare år. 

I to prøvar fann forskarane fiskemjøl med konsentrasjonar av kadmium opp mot grenseverdien. Dette er rapportert til Mattilsynet. 

HI analyserer også for uønska stoff der ein endå ikkje har sett grenseverdiar for fiskefôr, som ulike plantevernmiddel, soppgifter eller PFAS. 

Forsking har vist at for høge førekomstar av slike stoff kan gå utover helsa til fisken. Nivåa av desse stoffa var på same nivå som sett tidlegare år.

Referanse 

Veronika Sele m.fl. Program for overvåking av fiskefôr — Årsrapport for prøver innsamlet i 2022.  Rapport fra havforskningen 2023-36.