Gå til hovedinnhold

Magnetfelt frå havvindmøller vil truleg ikkje påverke rognkjeksens vandring


foto av noen avlange kar med fisker oppi

Rognkjeksane svømde i avlange kar der den eine halvdelen av karet gjekk inn under ein elektromagnetisk spole.

Slik konkluderer forskarane etter eit nytt labforsøk.

Med meir utbygging av havvind, kjem også fleire undersjøiske høgspentkablar. Desse dannar magnetfelt som kan tenkast å påverke dyr i havet. Mange artar brukar nemleg magnetisme til å navigere.

HI-forskarar har tidlegare simulert at Magnetfelt frå sjøkablar kan bremse hyselarvar, og at tobislarvar ikkje blei forstyrra. Denne gongen var det unge rognkjeksar sin tur til å svømme i magnetfelt-karet.

Svømde noko saktare tett opp mot "høgspentkablar"

– Vi ser teikn til at rognkjeksane kan merke om "høgspentkablane" er slått på eller av. I forsøket vårt svømde fiskane som var éin meter frå ein "høgspentkabel" 16 prosent saktare enn fiskane i kontrollgruppa. Men total svømmeaktivitet var ikkje påverka, seier havforskar Caroline Durif.

Høgspentkablane var i realiteten simulert av ein såkalla helmholtzspole – ein kveil som genererer eit tilsvarande magnetfelt.

Rognkjeksen gjer lange vandringar i Atlanterhavet

Forskarane plasserte grupper på seks og seks rognkjeksar i eit avlangt kar inni helmholtzspolen og filma åtferda deira. Totalt var det 24 larvar som svømde mens spolen var påskrudd, og 24 med spolen avskrudd.

Deretter analyserte forskarane opptaka med ein eigen programvare, og kom fram til at ja, det var ein skilnad, men neppe stor nok til å ha noko å seie i den ekte verda.

– Rognkjeksen er ein art som vandrar i dei frie vannmassane frå gyte- og oppvekstområda ved kysten, til beiteområda i havet. Vaksen rognkjeks dreg også tilbake til den same plassen dei klekte, for å formeire seg, seier Durif.

Del av større prosjekt

Ho trur at i alle fall rognkjeksen vil kunne halde fram med dette utan problem, trass meir havvindutbygging og undersjøiske høgspentkablar.

"Det verkar usannsynleg at ein 16 prosent minking i svømmehastigheit innan éin meter frå ein høgspentkabel vil påverke rogkjeksens vandring eller evne til å vende tilbake til same plass" konkluderer forskarane i artikkelen.

Studien inngår i eit større forskingsprosjekt ved HI om korleis havvindparkar kan eller ikkje kan påverke fisk, særleg i tidlege larvestadium. 

Prosjektet kartlegg moglege effektar av støy frå vindmøller og magnetfelt frå straumkablane.

Sjå også: Torskelarver ble trukket mot lyden fra vindturbiner

Referanse

Durif, Caroline MF, Daniel Nyqvist, Bastien Taormina, Steven D. Shema, Anne Berit Skiftesvik, Florian Freytet, and Howard I. Browman. "Magnetic fields generated by submarine power cables have a negligible effect on the swimming behavior of Atlantic lumpfish (Cyclopterus lumpus) juveniles.PeerJ 11 (2023): e14745.