Gå til hovedinnhold

HI med ny strategi: – Visst svarten blir det bra!


Smilende mann i luke gir krydderboks til kvinne

Piffar opp HI med ny strategi: Havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø deler ut tarekrydder til tilsette på morgonkvisten 2. januar, for å markere nytt år, ny strategi. 

Fotograf: Christine Fagerbakke/HI

Nytt år, ny strategi – og sjefen sjølv var tidleg på'an for å krydre kvardagen til eit lite knippe utvalde tilsette. 

Dei neste åra satsar vi på å bidra med kunnskap og råd til eit berekraftig, grønt skifte nasjonalt og globalt, god sameksistens mellom eksisterande og nye marine næringar – og sikra beste praksis for heilskapleg økosystemtilnærming og risikovurdering. Mellom anna.

Her finn du vår nye strategi for 2024-2028.

2. januar har den nye HI-strategien offisielt tredd i kraft. Det fekk nokre heldige HI-arar bokstaveleg talt ein smak av. 

For morgonstund har tare i munn. I alle fall på Havforskingsinstituttet. Sjefen sjølv var tidleg på for å krydre kvardagen til eit lite knippe utvalde tilsette her vest.

Viggo Edvardsen var blant dei første på jobb i Bergen, og fekk ei bøsse Sjøsaker tarekrydder, laga på kortreist tare frå Øygarden. Krydderet skal piffe opp og inspirere i det nye strategiåret.

Krydra kvardagen for dei fyrste morgonfuglane på kontoret 

– Dette er ein merkedag for oss alle. Eg er både spent og kry, seier Nils Gunnar.

– Vi har på plass handlingsplanar og endringsprosjekt. Men dei viktigaste drivarane for endring er kvar og ein av oss. Strategien skal leve, men den må ikkje bli så livleg at vi misser måla av sikte. Så derfor ønsker eg meg passe dose kreativitet, disiplin og gjennomføringskraft framover, fortset han.

Tare er både godt og sunt. Det er anerkjent blant meisterkokkar for sin evne til å tilføre umami til mat. Ulike slag tare finst i store mengder langs norskekysten, men tare er likevel eit nytt innslag på det norske kjøkkenet.

– Eg håpar krydderet kan inspirere til å tenke nytt om dei store ressursane vi sit på – både i havet og i organisasjonen, seier han.

HR-lærling piffa opp morgonen for dei Tromsø-tilsette 

Norskekysten er langstrakt, og det er også Havforskingsinstituttet – vi er til stades frå sør til nord via vest.

I Tromsø var det HR-lærling Tolewhtoo som tok på seg oppdraget med utlevering av tarekrydder frå "lokale" Lofoten Seaweed.

stående kvinne gir krydder til sittende mann
HR-lærling Tolewhtoo Waw gir tarekrydder til Benjamin Planque. 

..men på Sørlandet kuppa Kong Vinter showet 

På Sørlandet herja Kong Vinter, og dei lokale blei oppmoda til å skalke alle luker. Piffansvarleg Heidi blei difor midlertidig hindra i oppgåva, men kjem nok sterkt tilbake når naturkreftene roar seg ned. 

hage med store haugar med snø
Det blei lite strategikrydder på morgonkvisten på Sørlandet, men vi tvilar ikkje på at gjengen vår på Forskingsstasjonen Flødevigen kjem sterkt tilbake. Foto: Heidi Thygesen Fiskaa/HI