Gå til hovedinnhold

Denne figuren viser kor lite suksess skreien har hatt i rekrutteringa dei siste åra


en figur med lilla strek som går fra 1950 til 2023. Streken går jevnt opp og ned frem til 2010, da synker den.

Denne figuren viser at rekrutteringssuksessen til skreien har vært svak siden 2010. 

Fotograf: Shuyang Ma m.fl./HI

Rekrutteringa til skreibestanden har gått kraftig ned det siste tiåret. Ny studie tyder på at varmt klima ikkje nødvendigvis gir store «barne- og ungdomskull».   

Rekruttering er viktig for samfunnet. Vi treng nye generasjonar; born som blir til, veks opp og blir til arbeidande vaksne, som igjen får born. Slik er det også i havet.

Dersom ein bestand ikkje får stort nok påfyll av unge individ, vil nødvendigvis bestanden bli mindre talrik etter ei tid. 

No tydar resultata frå ei fersk studie på at skreien slit med rekrutteringa. Sidan 2010 har delen av bestanden som er «barn og ungdom» blitt stadig mindre. 

Undersøkte mønster – og leita etter årsaker 

Rekrutteringa til fiskebestandane svingar naturleg. Nokre år klaffar ting betre enn andre år, og gyteperioden resulterer i eit solid årskull. Andre år er det lang færre som kjem til og «kullet» blir lite. 

Dette mønsteret kallar havforskarane for eit rekrutteringsregime. Når mønsteret endrar seg radikalt, kallar dei det for eit regimeskifte. 

Havforskarane ønskte å finne ut kor ofte og når slike regimeskifte skjer, og læra meir om samanhengen mellom rekruttering og variasjonar i klima og miljø i havet. 

Finn store endringar i rekrutteringa til 15 av 23 norske fiskebestandar 

Forskarane har kartlagt korleis rekrutteringa til 23 kommersielt viktige bestandar i Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet har utvikla seg dei siste tiåra.  

– Vi finn at 15 av desse 23 bestandane har gått igjennom slike regimeskifte, seier postdoktor Shuyang Ma ved Havforskingsinstituttet (HI).  

– Nokre av bestandane har hatt eit slikt skifte ein gong, nokre fleire. Men vi konkluderer med at det er eit ganske vanleg fenomen i våre havområde. 

Det er likevel store forskjellar mellom både bestandar og havområde.  

– Nokre bestandar har gått gjennom regimeskifte tre-fire gonger dei siste tiåra, medan andre har følgt sitt faste mønster heile vegen. 

Varmare hav, men ikkje større suksess for skreien  

Skreien er ein av dei artane som stort sett har gått i «same tralten» heile tida. Havforskarane finn berre eitt regimeskifte sidan andre verdskrig. Det kom rundt 1967 og ein kan sjå det igjen i storleiken på «ungdomsgjengen» nokre år seinare.  

figur som viser rekruttering fra 1950 til 2023 med en graf
Havforskerne finn berre eit regimeskifte for skreien i perioden frå 1950 og fram til 2010. Tabellen viser absolutt mengde rekruttar. Figur: Shuyang Ma m.fl./Havforskningsinstituttet 

– Den gongen var vi inne i ein kald periode. Vi har lenge tenkt og trudd at rekrutteringa går ned i kalde periodar og opp i varme. Og det passar med at det då var eit regimeskifte, ei stor endring, på slutten av sekstitalet, fortel prosjektleiar Olav Sigurd Kjesbu. 

Men dei nye resultata indikerer at det ikkje er så enkelt. I alle fall ikkje i dag. 

For i det siste tiåret har norske havområde vore inne i ein varm periode. Men rekrutteringssuksessen har likevel gått ned, ikkje opp.   

–Det er varmt, men rekrutteringa går ikkje opp, heller ned. Vi kan ikkje sei sikkert i dag kva som er årsaka, men det er klart at klimaet er i endring og det påverkar økosystema i våre nordlege havområde. 

Skreien: Klima-vinnar på kort sikt, men så går det nedover 

Tidlegare i same prosjektet har Kjesbu og kollegaene vurdert kor sårbare ulike fiskebestandar er for å bli påverka av klimaendringar, fram mot 2050.  

Då har det sett ganske bra ut for skreien, som er ein ganske fleksibel fisk når det gjeld både meny og temperatur. Men når forskarane no har sett lengre fram – mot år 2100 – så ser det ikkje fullt så lyst ut. 

– For  det første, så kan det bli for varmt for skreien også. I tillegg så heng alt i havet saman. Når polare artar slit med klimaendringane så vil det påverka skreien også. Til dømes at det kan bli mindre mat både for yngel og for vaksen fisk, og at det kan bli større avstandarmellom leve- og gyteområde, slik at skreien må vandre lengre. 

liten sjark på havet med snøkledde fjell i horisonten
Skreien er ein av våre viktigaste kommersielle fiskebestandar og legg grunnlaget for det historiske fisket i Lofoten og Vesterålen, der skreien kjem for å gyte. Arkivfoto: Gunnar Sætra/HI 

– Avgjerande at vi følgjer med for å sikre berekraftig fiske 

– Når vi veit at klimaendringane kjem til å gjera seg gjeldande i stadig større grad i Barentshavet, leveområdet til skreien, blir det endå viktigare at vi forstår samanhengane i økosystemet, seier forskingsdirektør Geir Huse.

–  Eit viktig grep for å ha robust kvoterådgiving under klimaendringane er at vi må gjera hyppigare vurderingar av status på rekruttering, vekst og overleving i bestandene. Det vil gjera oss i stand til å utvikla gode råd og oppdaterte forvaltingsstrategiar, som igjen er avgjerande for å sikra ein levedyktig bestand og eit berekraftig fiskeri over tid. 

Referanse 

Ma, Shuyang, et al. "Recruitment regime shifts and nonstationarity are widespread phenomena in harvestable stocks experiencing pronounced climate fluctuations." Fish and Fisheries" (2023).