Gå til hovedinnhold

Silda har blitt Lofot-sild

Nvg-silda har aldri gytt lengre nord – så vidt vi veit.

Dei siste tre åra har den norske, vårgytande silda gjort noko snålt.

Ho har forlate sine tradisjonelle gyteområde utanfor Møre, Romsdal og Trøndelag, til fordel for Lofoten og Vesterålen.

Har sige lenger og lenger nord

– Vi har aldri dokumentert ei så nordleg fordeling av silda som i år, seier havforskar Are Salthaug.

Han var toktleiar under HI sitt sildegytetokt 13.–26. februar med fiskefartøya "Eros" og "Vendla". (Sjå faktaboks.)

På toktet var det knapt ei einaste sild å sjå, før forskarane kom til Røsttunga, cirka 60 nautiske mil vest-sørvest av Røst.

Mest i Vesterålen

Heile 82 prosent av sildebestanden stod i år utanfor Lofoten og Vesterålen. Nord for Andenes stod dei siste 18 prosent av bestanden.

– Vi kan ikkje gi eit sikkert svar på kvifor det har blitt slik, men det er fleire teoriar, seier Salthaug, og understreker at forskarane jobbar med å teste ulike forklaringer.

Halvparten av sildebestanden er gamlingar

Sildebestanden er også dominert av åtte år gammal sild. Den sterke 2016-årsklassen utgjer no halvparten av heile bestanden.

Ein annan mogleg teori er at silda frå 2016 har fått eit innfall. Sidan dei er så mange, må resten følge etter. Fleirtalet vinn.

– Det nye gytemønsteret kan ha skjedd i tidlegare tider også, men vi har ikkje observert  fråver av nvg-sild på gytefelta sør for Røst gjennom moderne fiskeri eller forsking, seier Salthaug.

Positive teikn

Elles såg forskarane meir ung sild, tre- og fireåringar, i nord enn det som er vanleg under toktet.

– Det er eit positivt teikn for framtidig rekruttering til gytebestanden, som lenge har vore prega av eldrebølge, seier Salthaug.

Sjå fleire resultat i den tekniske toktrapporten ved å klikke på lenken under:

Referanse

Are Salthaug og Erling Kåre Stenevik, Distribution and abundance of Norwegian spring-spawning herring during the spawning season in 2024, Toktrapport 2024-8