Gå til hovedinnhold

Har gitt kvoteråd for brisling i fjordane


Brisling

Fangst fra brislingtokt i Hardangerfjorden. 

Fotograf: Erlend A. Lorentzen/ Havforskningsinstituttet

Havforskingsinstituttet tilrår eit brislingfiske på opptil 240 tonn i Hardangerfjorden, 360 tonn i Sognefjorden og framleis nullfiske i Nordfjord i 2023.

Råda bygger på data frå brislingtoktet med «Kristine Bonnevie» i august, saman med historiske data og fangstane i fiskeriet. (Sjå faktaboks om toktet.)

Har vore god rekruttering i Hardanger og Sogn

– I år som i fjor såg vi mykje brisling i Hardangerfjorden, men mest eittåringar. Ein god del av desse igjen var under minstemålet på 10 centimeter, fortel bestandsansvarleg havforskar Cecilie Kvamme.

– I Sognefjorden var det også over gjennomsnittleg bra med fisk. Og der var det treåringane som dominerte. I fjor var det toåringane som dominerte, så 2020-årsklassen må ha vore sterk i Sognefjorden, fortset ho.

Kvoteråda for begge desse fjordane blir sett ut frå medianfangsten i perioden 2002-2016, som i fjor.

Men nesten ingenting i Nordfjord

I Nordfjord fann forskarane berre 0-årig brisling. Denne er for liten til å fiske på.

Dette gjer at forskarane tilrår at det ikkje blir opna for brislingfiske i Nordfjord, som dei to siste åra.

Dei rår til ei fangstavgrensing også i Trondheimsfjorden, dersom det skulle oppstå eit fiske av betydning der.

Fiskeridirektoratet set kvotane

HI driv overvaking av brisling i dei fjordane der fiskeriet går føre seg.

Det er HI som gir kvoteråd for kystbrisling. Fiskeridirektoratet set dei endelege kvotane.

Les det tekniske kvoterådet her.