Gå til hovedinnhold

Hummarteina live: får du auge på den gamle kjenningen?


En hummerteine står under vann

Skjermdump fra hummarteina live 2023.

Fotograf: Havforskningsinstituttet

Vi sender direkte frå hummarteina for 11. året på rad.

«Blir det hummar-TV i år?»

«Når vert det direktesending frå teina?»

«Det blir sakte teine-TV, sant?»

Dei siste vekene har Hummarteina live-ansvarleg Lene Christensen fått tallause variantar av det same spørsmålet. 

Ho har heldigvis eit opplyftande svar å gje: JA, det vert direktesending frå hummarteina også i år! 

Klokka 8, søndag 1. oktober byrjar kameraet å rulle frå teina utanfor forskingsstasjonen i Flødevigen. 

Ti dagar med teine-underhaldning

I ti dagar kan du følgje hummarane som går i teina – og nokre andre nysgjerrige artar som luskar rundt på havbotnen. Kvardagar klokka 12 vert teina dregen opp og eventuelle hummarar vert registrerte, målte og vegne – før dei vert sette ut att i sjøen. Teineteamet rykker ut også i helga, om hummarar er på besøk.

– Det er kjempespennande å sjå korleis ein hummar har endra seg sidan sist han var oppe, seier Lene. 

Området rundt Flødevigen er eit hummarreservat, og Havforskingsinstituttet har over 15 år med data om hummarane som lever der – både frå teina og frå forsøksfiske. 

Undervassvideo frå ei teine på havbotnen. Ein hummar med eit trekanta parti på halerota står utanfor teina. Inne i teina sym to fisk
Her er ein gammal kjenning på besøk i 2021. GIF: Havforskingsinstituttet

Dersom ein merkt hummar går i teina, kan Lene difor sjå kor og når han har vorte fanga tidlegare, breidda på knusekloa, om han har hatt skader på klørne, kor lang og tung han har vore før og om ei hoe har hatt rogn. 

Umerkte hummarar avlegg ei genetikkprøve og vert merkte. Då får dei to små merker med eige nummer på undersida av kroppen – dette er for å sikre at merka ikkje forsvinn, når hummaren veks og byter skal. 

Ser etter ein gammal kjenning

Lene Christensen har røkta teina dei siste fem sesongane, og i år held ho eit ekstra auge etter ein gammal travar. 

– Vi har ein hann-hummar som har vore tilbake år etter år. Han er enkel å kjenne att for han manglar skal på eit trekanta parti på halerota, forklarar ho. 

Den gamle kjenningen H5761 har ikkje bytt skal dei siste tre åra – noko ein kan sjå på at skaden framleis heng med. I utgangspunktet vil ein skade gjere hummaren sårbar, men H5761 har tilsynelatande klart seg fint til no. 

En stor hummar som ligger på asfalt. Han har en gummistrikk rundt en klo, og ved siden av han ligger et ark, der det er notert statistikk på hummer.
H5761 har ei skade på halerota, noko som gjer han enkel å kjenne att. Her har han vorte teken opp med teina. Han fekk då ei strikk på kloa, fordi ein skuleklasse var på besøk. Strikken vart teken av før hummaren vart sett ut i sjøen att. Foto: Lene Christensen/HI 

Om han skulle dukke opp i ny skaldrakt i år, kjenner Lene han likevel igjen på merket han har bert sidan han først vart fanga i forsøksfiske i 2015. 

Den gong var han 28 centimeter lang – då han vart målt i fjor hadde han vekse til heile 39.1 centimeter og vog 3,3 kilo.

Seks fakta om hummar (og kanari):

Om du gjer som Lene og sit klistra til skjermen i årets hummarteina live-sesong, så kan det vere greitt å ha nokre talepunkt klar til du skal overbevise vennar, slektningar, ukjende du møter på bussen og kollegaar til å gjere det same:

1: Den største europeiske hummaren som noko sinne har vorte fanga, var ein rugg på 9,3 kilo. Han vart fanga i Wales i 1931.

2: Hummaren har to klør: ei knuseklo og ei sakseklo. Knusekloa tek seg av grovarbeidet – som å knuse skjel – medan saksekloa tek seg av presisjonsarbeid, som å plukke opp og snu rundt på ting.

En hummer mot hvit bakgrunn
Foto: Eivind Senneset/HI

3: Hummaren har utvendig skjelett – og må byte skal for å vekse. Det gjer han ved å vekse eit nytt, mjukt skal under det harde. Når det mjuke skalet er klart, ålar hummaren seg baklengs ut av det gamle skalet sitt. Det nye skalet bles seg opp, og stivnar slik at det vert hardt.

4: Ved skalskifte, et hummaren gjerne det gamle skalet sitt for å få i seg kalk.

5: I sjøen er hummaren mørk i fargen – grønsvart med litt blått i seg – men om du koker han, vert han raud. Kvifor? Jo, fordi koking øydelegg eit protein i skalet, noko som gjer at den raude fargepigmentet karotenoid slår ut.

6: Uttrykket «hummar og kanari» om ein litt halvvegs kombinasjon stammar frå 1920-talet – det har med hummar å gjere, men ikkje med kanarifugl. Det kjem av at nyrike på den tida gjerne ville bestille det dyraste og mest eksklusive på restaurantmenyen – og det var hummar og ein dessertvin frå Kanariøyane, trass i at dei to ikkje gjekk godt saman.