Gå til hovedinnhold

Hummarfisket så langt: Fangstar over snittet enkelte stadar


En hummer som blir målt

Elever måler hvor store klørne er på en hummer HI og elevene fra Austevoll vgs. fikk i felt under forsøksfiske i 2022. 

Fotograf: Christine Fagerbakke / Havforskningsinstituttet

Det kan skuldast fleire ting. Den langsiktige trenden er likevel at bestanden er svært låg. 

Startskotet for årets hummarfiske gjekk 1. oktober i år – som alle andre år. 

Og som vanleg fylgjer Havforskingsinstituttet (HI) nøye med, frå start til slutt. 

– Om lag hundre frivillige hummarfiskarar frå svenskegrensa til Romsdal rapporterer inn fangstane sine til oss etter kvar fisketur, seier HI-forskar Alf Ring Kleiven. 

No har forskarane summert opp resultata for dei ti første dagane av fisket, for å «ta tempen» på årets sesong. 

Meir fangst – fleire årsaker 

Etter å ha rekna saman resultata av 6.700 teinetrekk, meldt inn frå 107 hummarfiskarar, ser forskarane at det enkelte stader er over snittet gode fangstar. 

Det ser ut til at fangstraten er høgast i indre Skagerrak. I tillegg har havforskarane fått meldingar om fangstar over normalen langs svenskekysten, men det har ikkje HI tal på. 

– Dette kan skuldast fleire ting, fortel Kleiven.  – For det første, kan det vere ein effekt av reguleringane av hummarfisket som har byrja å virke.  

– Vi må også ta med oss at fiskeriet i dag er meir effektivt enn tidlegare. Mange har betre teiner enn før. Dermed så fangar ein meir per teine i år, enn for til dømes ti år sidan. I tillegg får jo dei som rapporterer til oss, stadig meir erfaring, år for år. 

Den tredje moglege årsak er rett og slett temperatur; det er lettare å fanga hummaren om sjøtemperaturen er over gjennomsnittet. 

I starten av hummarfisket har vatnet utanfor HI sin forskingsstasjon i Flødevigen, Arendal, vore to gradar over normalen. 

– Det kan altså vera mange grunnar til at fangstane går opp for ein gitt periode, og auka fangstar betyr ikkje nødvendigvis at bestanden aukar. Men om fangstane og storleiken på humrane aukar over lengre tid, gjerne nokre år, så kan vi sei sikrare at bestanden er i vekst, seier HI-forskaren. 

Les også: Vi kan berge hummeren, men det betyr store kutt i fisket

Små forskjellar mellom sør, vest og nordvest 

Havforskarane samlar inn tal frå Skagerrak og Vestlandet heilt til og med Romsdal. 

– Når me samanliknar desse regionane finn vi fascinerande små forskjellar i fangstraten. Det er større skilnadar lokalt, enn mellom regionane. Vi ser at fangstane gjerne er betre i område der det bur færre folk og det er mindre fiskepress, enn i område med mange folk og stort fiske. 

Les heile oppsummeringa til forskarane her (PDF).