Gå til hovedinnhold

Slik kan perlesnormanet påverke oppdrettsfisk


Ein perlesnormanet under vatn. Perlesnormaneten ser ut som ei glitterremse

Perlesnormaneten vert delt i mindre bitar av både turbulens, bølgjer og fysiske hindringar. 

Fotograf: Erling Svensen / Havforskningsinstituttet

Kolonimaneten kan dele seg i små bitar og såleis trenge inn i merdar.

Oppdatering 20. desember 2023: Denne saka er oppdatert med erfaringar frå årets manet-åtak. 

Dei siste par månadane er det meldt om auka førekomst av perlesnormanet langs norskekysten. Maneten har tidlegare skada oppdrettsfisk, og også i år er det meldt at oppdrettsfisk har vorte skadd og avliva. 

Dette har mellom anna skjedd på Havforskingsinstituttet sitt eige sjøanlegg i Austevoll, der vi har avliva fisk av omsyn til dyrevelferda.   

Havforskarane har nytta denne hendinga til å skaffe meir kunnskap om korleis perlesnormanet kan påverke fisk. Til no, liknar følgjene dei som førekom i 1997. 

Fisken frå Austevoll har typisk fått svimerke på hovudet, rygg og finner. Skadane er enklare å sjå i vatn, enn når fisken vert teken opp. 

Det var størst dødelegheit første dagen av manet-tilsiget, men også i dei påfølgjande dagane døydde fisk. Av omsyn til velferda til fisken, beslutta vi å avlive den mest svekka fisken.

– Mange av skadane vi ser kan vere eit direkte resultat av manet, eit indirekte resultat av avvikande åtferd grunna manet, eller ein kombinasjon. Vi er no i gang med å analysere prøvene vi har teke, slik at vi kan granske skadeomfanget nærare, seier forskingssjef Lars Helge Stien.  

Havforskingsinstituttet har teke prøver av gjellene, auga og skinnet til den døde fisken frå Austevoll.

Slik kan skadar frå perlesnormanet-åtak sjå ut:

Deler seg opp i mindre bitar

Perlesnormaneten er ein koloni sett saman av mange mindre individ. Nokre av desse individa har sterk neslegift for å beskytte kolonien og skaffe mat. 

Maneten kan verte opptil 30 meter lang, men vert delt opp i mindre bitar av både bølgjer, turbulens og fysiske barrierar – som merdar. Innan han når norskekysten, kan han difor vere i mange små delar. 

– Men neslecellene kan brenne anten maneten er 5 meter eller 30 centimeter lang, seier Falkenhaug. 

To gongar tidlegare har perlesnormaneten ført til auka dødelegheit i oppdrettsanlegg.

I 1997 døydde i alt 10-12 tonn laks på to anlegg ytst i Øygarden og Fedje, medan eit ukjent tal tonn vart naudslakta. I 2001 var det 600 tonn fisk som døydde, derav 400 tonn i Trøndelag. 

Brannskadar i skinn og gjeller

I 1997 var første gong auka dødelegheit i oppdrettsmerdar vart sett i samanheng med auka førekomst av perlesnormanet langs norskekysten. 

Då dreiv store mengdar perlesnormanet inn mot merdane ved eit anlegg i Fedje, og gjekk i oppløysing då dei trefte notveggen, slik at dei gjekk gjennom maskene. 

– Det er fremst desse små bitane som kan verte problematiske. Om individ med nesleceller kjem inn i ein merd og treffer fisk, kan han få sår og skadar på gjellene, seier forskingsleiar Lars Helge Stien.  

Erfaringane frå 1997 synte at effektane på fisken varierte frå redusert appetitt og endra åtferd til død. 

Fisken som kom i kontakt med manetane fekk brannskadar på skinnet med auka fare for infeksjonar. Det oppstod òg augeskadar hos fisken, noko som kan øydelegge synet. 

Laksen som døydde hadde fått manetane i gjellene.

– Viss gjellene får store skadar kan dette medføre at fisken blir kvelt, særleg viss det òg oppstår stress og panikk i populasjonen. Dette kan òg gi ytterlegare fysiske skadar på fisken viss den sym i notveggen eller dei kolliderer med kvarandre, seier Stien.

Samstundes kan nærkontakt med maneten få følgjer på sikt: 

– Kalde vintertemperaturar påverkar fisken og gir redusert immunforsvar, så om ein fisk får sår no, kan dette gi inngang for opportunistiske bakteriar, og dødelegheit utover vinteren. Enn så lenge er det heldigvis relativt varmt i sjøen, seier Stien. 

Utfordrande med avbøtande tiltak

Det er framleis kunnskapshol om perlesnormaneten og følgjene han kan ha i norske farvatn. 

Kunnskapen vi har i dag tyder på at maneten kan førekome i heile vassøyla, noko som gjer det utfordrande for oppdrettsnæringa å finne avbøtande tiltak om store mengder av maneten er komen nært anlegg. 

Tiltak som luseskjørt eller boblegardiner kan potensielt stenge han ute, men om små manetindivid då er komne på innsida av merden, kan dette stenge maneten inne hos fisken. 

Erfaringane frå Øygarden tilsa at det var fisken som heldt seg i overflata som var mest utsett for å verte brent av manetane. 

Havforskingsinstituttet er i gang med ein ny studie som granskar førekomsten av perlesnormanet i to merdar – ein med skjørt og ein utan. Førebels resultat tyder på at det er færre manetet i merden med skjørt, men forskinga pågår framleis. Les meir om studien her.

Usikkert kor tett han førekjem 

Havforskar Tone Falkenhaug validerer manet-observasjonane som vert melde inn til Havforskingsinstituttet. I løpet av éi veke i haust fekk ho inn kring 250 observasjonar av maneten – gjennom Dugnad for havet, på e-post og via telefon.

– Det har hagla inn med registreringar, seier Falkenhaug. 

Havforskaren presiserer at det er utfordrande å seie noko sikkert om kor mange og i kva tettleikar perlesnormanet no førekjem langs norskekysten. 

Kart over Noreg som viser mange registreringar av perlesnormanet
Dette er perlesnormanet-observasjonar registrerte i Dugnad for havet i løpet av ei veke i november.

Talet observasjonar kan ha auka som følgje av at publikum er meir årvakne på havet etter å ha lese om maneten i avisa. Perlesnormaneten er ikkje farleg for menneske, endå han kan svi. 

Mønsteret ein ser til no i haust, liknar mønsteret frå i fjor. Då tok observasjonane av perlesnormanet seg kraftig opp i november – og så dabba dei av i januar.

perlesnormanet
Observasjonar så langt i år, tyder på at koloniane kan ha mista svømmeklokkene sine – individa som sit fremst på maneten, og til ei grad sørger for eigenbevegelse. Foto: Erling Svensen / HI