Gå til hovedinnhold

Perlesnormaneten er tilbake langs kysten – frå nord til sør


Ein perlesnormanet under vatn. Perlesnormaneten er ei lang remse, med mange korte trådar.

Perlesnormaneten er ein kolonimanet med neslegift. Han kan dele seg opp i mindre bitar, og såleis kome inn i merdar.

Fotograf: Erling Svensen / Havforskningsinstituttet

Kolonimaneten kan føre til skadar på fisk.

– Dei siste tre åra ser det ut til å ha vore mykje av perlesnormaneten langs norskekysten. Det har vore ein tendens til ei auke om hausten, seier havforskar Tone Falkenhaug.

Og i år er han tilbake igjen. På eit par dagar i slutten av oktober har 17 nye observasjonar vorte melde inn til Dugnad for Havet.

– Det er no registrert observasjonar langs heile kysten, frå Kristiansand til Hammerfest. Talet stig for kvar dag.

Et kart som viser at det er meldt inn perlesnormanet-observasjoner langs hele kysten.
Rapportering av perlesnormanet via Dugnad for havet. Raude symbol viser observasjonar frå dei siste to vekene, frå veke 43 og 44. Registreringane seier ikkje noko om mengda eller tettleiken av perlesnormanetar.

Kan dele seg opp i mindre bitar

Perlesnormaneten er ein kolonimanet som kan verte opptil 30 meter lang. Han er samansett av mange små individ som har kvar si oppgåve, som saman dannar ein koloni.

Nokre individ står for formeiringa, andre symjer og «styrer skuta», og nokre er «jegarar» som sørgjer for at alle får mat.

Tentaklane som gjev perlesnormaneten eit litt rufsete preg har neslegift for å kunne bedøve eit bytte eller forsvare kolonien. Denne neslegifta kan vere skadeleg for fisk.

To gongar tidlegare har perlesnormaneten ført til store konsekvensar for oppdrettsanlegg. I 1997 tok manetar livet av 12 tonn laks, medan 600 tonn fisk døydde i 2001.

– Kolonimaneten kan dele seg opp i mindre bitar, og såleis kome inn i merden. Der kan individa med neslegift skade fisken ved at han får brannsår i skinnet eller gjellene, noko som gjer han mottakeleg for infeksjonar og sjukdom, forklarar Falkenhaug.

En graf som viser at perlesnormanet-observasjonene stiger
Tal registreringar av perlesnormanet i Dugnad for havet per veke. Utviklinga vi ser no, liknar på fjorårets.

Kan leve i overflata og i djupet

Perlesnormaneten er ein atlantisk art, som også lever i Stillehavet og Middelhavet. Truleg har han drive med havstraumane, når han òg dukkar opp langs norskekysten. 

Maneten kan førekome i heile vassøyla. Endå han gjerne held seg på 0 – 200 meters djup, så kan han leve heilt ned til 1000 meter.  

– Vi kan ikkje seie noko om mengda perlesnormanet eller i kor store tettleikar han førekjem, frå dei meldingane vi har fått inn frå publikum til no. Men vi set pris på kvar registrering! seier Falkenhaug.

Perlesnormanet sett fra undersiden og opp mot havoverflaten. Den består av en koloni med maneter - omtrent som en lang snor.
Perlesnormaneten vert ført av stad med havstraumane. Foto: Erling Svensen / Havforskningsinstituttet

Så langt i 2023 har fleire sjeldne manetar vore på besøk i norske farvatn. Bidevindseglaren er ein uhyre sjeldan gjest, som har vorte observert mange gongar i år. I tillegg har både lungemanetar, kompassmanet og klamremanet teke turen – men det har vore lite brennmanet

Har du sett ein perlesnormanet – meld inn funnet ditt på Dugnad for havet.