Gå til hovedinnhold

François skreiv den beste artikkelen i 2022


Francois Besnier mottek diplom og blomster for å ha skrive årets publikasjon 2022. Han står på scena ved sidan av havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø, som har overrekt diplomet.
Fotograf: Erlend Astad Lorentzen/HI

Kva skjer når oppdrettslaks vert blanda inn i villakspopulasjonar? Det har «Årets publikasjon 2022» frå Havforskingsinstituttet granska. 

Får villaks med arvestoff frå oppdrettslaks andre eigenskapar enn rein villaks? Ja, syner «Årets publikasjon 2022» frå HI. 

Havforskar François Besnier er hovudforfattar av artikkelen, som har granska korleis genetisk innkryssing frå rømt oppdrettslaks endrar livshistoria til den ville atlantiske laksen. 

– Det er naturlegvis veldig stas at artikkelen vert lagt merke til. Studien er basert på data som er samla i fisken sitt naturlege miljø, og slik informasjon hadde vi aldri kunna samle utan fiskefella som vart sett ut i Etne i 2013, seier François og legg til:

– Dette minner oss på kor viktig det er å produsere data av høg kvalitet frå det naturlege miljøet til artane vi forskar på – og, for å sitere Øystein Skaala: «å vere kor fisken er». 

Den eksterne juryen peikar på at studien er særs relevant for forvaltninga av laksebestandane i Noreg, og i tillegg har global interesse der artar vert domestiserte og tekne inn i oppdrett. 

Tre tiår med prøver

Over fleire tiår har oppdrettslaksen vorte forma gjennom avl – han har vorte valt ut frå eigenskapar som er gunstige i eit oppdrettsmiljø, som at han veks fortare og vert seinare kjønnsmoden. Avlen har ført til at oppdrettslaks no skil seg genetisk frå villaks. 

Kva skjer så når oppdrettslaksen rømmer, og vert kryssa inn att i villakspopulasjonen? 

Tidlegare har forskarar dokumentert at villaksen i Etneelva før 2013 i snitt hadde 24 prosent genetisk innkryssing frå oppdrettslaks. 

Artikkelen til Besnier og kollegaane er ein av få som har granska kva effektane er etter fleire generasjonar med innkryssing av rømt oppdrettslaks. 

Ein oppdrettslaks og ein villaks ligg side om side på eit bord.
Her ligg ein rømt oppdrettslaks og ein villaks side om side, etter at dei begge gjekk i fiskefella i Etne. Arkivfoto: Erlend Astad Lorentzen/HI

Forskarane har arbeidd med prøver frå fleire tiår. 

Dei har historiske villaksprøver frå starten av 80-talet, frå før rømt oppdrettslaks fann vassvegen opp Etneelva. I tillegg har havforskarane prøver frå oppdrettslaks tekne mellom 1989 og 2012, og prøver frå villaks fanga i fiskefella vår i Etne tekne mellom 2013 og 2016 – etter rømt oppdrettslaks vart del av genblandinga. 

Prøvene let havforskarane utvikle genetiske markørar som har gjort det mogleg å rekne ut kor omfattande slektskapet er mellom oppdrettslaks og enkeltindivida i Etneelva i perioden etter 2013. 

Kjem seinare «heim att» enn villaks 

Artikkelen syner at denne genetiske innblandinga endrar livshistoria til villaksen og eigenskapane til fisken. 

Villaks med auka nivå av innkryssing var større både som smolt, og når han vart kjønnsmoden. Hannfisken vart òg tidlegare smoltifisert og tidlegare kjønnsmoden enn den reine villaksen. 

I tillegg vandrar villaks som slektar meir på oppdrettslaks seinare opp i elva enn andre – på det meste 26 dagar seinare. Det er første gong dette funnet er dokumentert. 

Det kan gje krysningslaksen ein fordel: om han kjem seinare tilbake, så vert perioden han risikerer å verte hekta på kroken av sportsfiskarar kortare. 

– Det robuste datasettet brukt i studien let oss demonstrere at gen arva frå oppdrettsfisk vert verande i populasjonen, og i tillegg at nærværet av gen med oppdrettsopphav er knytt til markante endringar i den ville populasjonen, slik som auka vekstrate og endra migrasjonsåtferd, forklarar François.

Havforskaren understrekar kor viktig det er å sørgje for presis data og nøyaktig statistikk over korleis den ville laksebestanden endrar seg som følgje av kryssing med domestisert laks. 

Referanse: 

François Besnier, Fernando Ayllon, Øystein Skaala, Monica Favnebøe Solberg, Per Tommy Fjeldheim, Kaja Christine Andersen, Sofie Knutar, Kevin Alan Glover (2022). “Introgression of domesticated salmon changes life history and phenology of a wild salmon population” Evolutionary Applications 15 p. 853-864