Gå til hovedinnhold

Satellittmerkar håbrann: – Vi har enorm respekt for den munnen


Vannspruten står når håbrannens hale slår kraftig mot vannen. Halen stikker opp av vannet og er imponerende.

Normalt holder håbrannen til et stykke ute til havs der den kan opptre jaktende i eller nær overflaten. Om vinteren trekker den trolig dypere, til 200–700 meters dyp. Gjennom satellittmerking kan forskerne få mer kunnskap om arten.

Fotograf: Havforskningsinstituttet

Årets haisommar er langt frå over. No førebur forskarane seg på ei ny utfordring – «kvithaiens fetter». 

Sjå føre deg ein hai på dryge 3 meter, som veg godt over 100 kilo. 

Han sym fort som fy, er sterk som ein okse og har fleire rekker sylskarpe tenner. 

Fristar det å få han nært båten? Nei?

Vel, det er akkurat det «haiteamet» no skal prøve på. Dei skal nemleg til å merke håbrann.

– Han har tenner, skikkelege tenner. Vi har enorm respekt for den munnen, seier havforskar Otte Bjelland. 

Sym fleire tusen kilometer 

Håbrannen er den største hurtigsymjande rovhaien i norske farvatn. 

Han kan bevege seg tusenvis av kilometer over heile Atlanterhavet, men vi veit altfor lite om kor dei oppheld seg i norske farvatn og kor dei vandrar.

Og i motsetnad til den planktonetande brugda, er håbrannen på toppen av næringskjeda. Han brukar den imponerande tanngarden og høge hurtigheita godt, og forsyner seg villig av stimfisk som sild og makrell.

– Håbrannen er ein viktig predator, og vi treng meir kunnskap om desse store predatorane for å forstå heile næringsnettet og økosystemet i havet, fortel havforskar Claudia Junge, prosjektleiar for Sharks on the move

Må få håbrannen på krok

I løpet av sommarens brugdemerking, har fokuset vore mest på sikkerheita til fisken. «Den vennlege kjempa» er stor, men ho er ikkje farleg for menneske. 

Når håbrannen no står for merketur, lyt havforskarane kontinuerleg vurdere også si eiga sikkerheit. 

Håbrannen er ikkje farleg for kvarmannsen på sjøen, men for å merkje han lyt forskarane ha litt meir nærkontakt med haien enn det som er vanleg. 

Først av alt, lyt dei fiske han. 

«Haiteamet» skal bruke kraftige fiskestenger, sterkt snøre, wire og heil fisk som agn. 

Om håbrannen først bit på kroken, sveivar dei han til båten og smetter eit slitesterkt tau rundt magen hans. Det er for å halde fisken så stille som dei maktar. Merket skal sitje i ryggfinna, og forskarane må vere stødige på handa for å sikre at det vert sett rett. 

–  Vi må klare å halde han i ro, samstundes som håbrannen får friskt vatn over gjellene slik at han får puste, seier Bjelland. 

Om gjellene til håbrannen kjem over vatn, vert han illsint. 

Det veit forskarane godt, for det fekk dei erfare i fjor – då HI merkte sin aller første håbrann.

Aldri sett maken til styrke

I september 2022 melde fleire turistfiskebåtar frå om at haien beit hyppig på kroken, og merkeekspert Keno Ferter og Antonia Klöcker heiv seg på første fly til Lofoten.  

Etter to dagar til sjøs fekk merketeamet napp. Sjølv om Ferter tidlegare hadde merkt makrellstørjer på fleire hundre kilo, så baud håbrannen på ein styrke han aldri før hadde opplevd. 

Haien kjempa godt frå seg, og både rulla rundt i vatnet, beit i tauet og brukte halen til å slå etter forskarane.

Men til slutt fekk håbrannen eit merke, og forskarane fekk nyttig metode-erfaring.

Til slutt fikk forskerne kontroll på den illsinte haien, og gjennomførte en vellykket merking. På bildet ligger håbrannen rolig helt inntil båten.
Til slutt fekk forskarane kontroll på den illsinte haien, og gjennomførte ei vellukka satellittmerking. Foto: Havforskningsinstituttet

Denne erfaringa har dei bygd vidare på ved å studere videoar, diskutere med kollegaar og gjennom sommarens brugdemerking. 

Ambisjonane for årets håbrannsesong er skyhøge:

– I år håpar vi å merke mellom 5 og 10 håbrannar. Det er målet, seier Ferter. 

Har allereie fått håbrann-tips – treng fleire

«Haitelefonen» har så langt i år gjeve havforskarane tallaust med tips, noko som har gjeve konkrete resultat: Ti brugder er merkte, og forskarane har sett langt fleire.

Nokre har allereie ringt inn håbrann-observasjonar. 

Ein garnfiskar rett vest frå Bodø fortalde at han var plaga med bifangst av håbrann, og det same var faren som fiska med jukse og snik. 

Og ein makrellbåt frå Bømlo som fiska i Lofot-området ringde klokka 02.30, då dei hadde ein håbrann rundt nota. 

– Vi var eigentleg på veg opp Nappstraumen, men såg på kartet at vi berre var ti minutt unna. Det var midt på natta, men vi peisa på ned til dei likevel, seier Bjelland. 

Lettare overraska, sette lettbåten til fiskarane kursen mot «haiteamet». Håbrannen var der enno, så fiskarane henta makrell og havforskarane bestemte seg for å gjere eit merkeforsøk. 

– Vi fann ut at dersom haien beit på, så fekk Keno fiske for hand og eg bakke ut. 

På tredje forsøk, utbryt merkeekspert Ferter «det er napp!»

En håbrann har bite på kroken, og sym under vatn.

– Snøret går att og fram, og det vert kjempestramt. Etter kvart byrjar håbrannen å roe seg. Det var ein fisk på kring 100 kilo, men vi fekk kontroll på han. 

Ferter byrja å drage håbrannen mot båten og fekk han nære, men for å setje merket laut dei snu fisken. Då hadde håbrannen fått nok og spytta ut kroken.

Det vart med forsøket, den gong: 

– Men vi fekk ein veldig viktig forsmak på korleis vi skal handtere fisken, seier Bjelland. 

No håpar «haiteamet» at haidugnaden leverer nok ein gong.

Ser du ein håbrann? Slå på tråden!
 

Sharks on the move

​​​​​​​«Sharks on the Move: species distribution modelling of migratory sharks to inform ecosystem-based management under global change» er finansiert av Norges forskningsråd.

En brugde svømmer i overflaten av det turkise vannet. En båt glir mot den store haien.

Prosjektet vert leia av HI og involverer 20 ekspertar frå sju vitskapelege partnarinstitusjonar i Noreg og utlandet, samt nært samarbeid med Fiskeridirektoratet og Runde Miljøsenter AS.

Deltakande institusjonar er HI, NIVA, NORCE, UiT, UiO, samt internasjonale partnarar i Portugal og USA. Prosjektets rådgjevande styre består av verdskjende forskarar på haien sin rørsleøkologi frå Storbritannia og Frankrike, samt representanter fra Miljødirektoratet og Artsdatabanken.

Les meir om prosjektet: Haier på farten