Gå til hovedinnhold

Fjorårets første brugdemerke er funne: – Nesten for godt til å vere sant


Tre personar smiler mot kameraet. Dei har alle på seg solbriller og redningsvest. Personen i midten held opp eit lite satellittmerke, som han viser til kamerat.

Otte Bjelland (frå venstre), Keno Ferter og Antonia Klöcker er storfornøgde med å ha fiska opp det første av fjorårets tre satellittmerke. 

Fotograf: Havforskningsinstituttet

Antonia Klöcker kunne puste letta ut då første satellittmerke frå i fjor dukka opp att. No er doktorgrada redda.

Spenninga har vore enorm i «haiteamet» den siste veka. Samtidig som haitelefonen har ringt døgnet rundt, har forskarane telt ned til helga dei har venta på det siste året. 

Omsider skulle dei hauste dei første fruktene av fjorårets merkearbeid. 

For nøyaktig eitt år sidan merkte dei ei brugde utanfor Vesterålen. Laurdag skulle satellittmerket losne. 

– Eg har vore ganske engsteleg og nervøs. Doktorgrada mi er avhengig av dette, seier Antonia Klöcker. 

Mista nattesøvnen

Fredag kveld sette dei opp camp på stranda for å vere klare til å rykke ut på kort varsel. Men det vart ikkje noko søvn på auga for «haiteamet». 

Nervane var i høggir. 

Havforskar Otte Bjelland meinte det var 50 prosent sjanse for at merket dukka opp att. Antonia Klöcker var optimist, sjølv om det er litt som å finne nåla i høystakken: dei hadde førebudd seg godt og hadde peilingsutstyret dei trong.

Ein mann og ei kvinne står i ein båt og speidar utover havet.
Her speidar Otte Bjelland og Antonia Klöcker utover havet på leit etter brugde, under årets merking. Foto: Havforskingsinstituttet

Men meldingar om dårleg vêr i vente gjorde situasjonen ekstra spennande. 

Dette kunne verte årets opptur eller årets nedtur.

Då morgontimane snirkla seg av garde hadde dei framleis ikkje høyrt noko, og haitelefonen ringde utan pause. I 09-tida laurdag sette dei difor kursen mot Reine, der ei brugde hadde vorte observert. 

Men på veg ut kom omsider e-posten: merket har losna.

Forskarane kasta seg rundt, og ein time seinare var merket kome om bord. 

– Dette er litt av ei oppleving! Det var heilt fantastisk at satellittmerket dukka opp rett utanfor Lofoten slik at vi kunne nå det, seier Klöcker – lukkeleg og letta. 

Nesten for godt til å vere sant

Merkeekspert Keno Ferter forklarar at ein stor del av merkeforsøka er metodeutprøving. 

Mykje må gå rett for at det skal vere ein suksess: først må ein finne brugda og få merkt ho, så skal dette vesle merket sitje fast i eit heilt år samstundes som det registrerer data. 

– At vi har klart å plukke opp merket frå ein fisk som sannsynlegvis har svømt fleire hundre kilometer i løpet av året, det er heilt utruleg, seier han. 

– Det er nesten for godt til å vere sant. 

Satellittmerket rommar enorme mengder data om ein art som lever eit liv vi kjenner lite til. 

Merkejakt i hjartet av Nordsjøen

Endå er forskarane på merkejakt. 

Dei to siste av fjorårets merker skulle losne på søndag: Eitt har dei ikkje høyrt frå endå, det andre dukka opp i hjartet av Nordsjøen. 

Kart over den nordlege halvkule frå Grønland til Russland. To rosa firkantar syner på kartet. Den eine er rett ved Lofoten, den andre er plassert midt i Nordsjøen. Desse syner kor satelittmerka har dukka opp.
To av fjorårets satellittmerke dukka opp på kartet. Det nordlegaste, utanfor Lofoten, har forskarane plukka opp. Merket i Nordsjøen håpar dei å få tak i. Foto: Havforskingsinstituttet

– Det er ikkje så langt frå oljefeltet Vallhall. Så no prøvar vi å få fatt i merket, men det er ein del logistikk som skal til, seier Ferter.

Havforskarane er i kontakt med både danske og tyske kollegaar som er i området, og dersom dei ikkje når fram er både Kystvakta og supplybåtar til plattforma aktuelle. 

Men dei lyt få peilingsutstyr på ein båt i nærleiken – utan vert det nærmast umogleg å finne det vesle satellittmerket på det store havet.

Og klokka tikkar: haiteamet veit ikkje nøyaktig kor lenge merket vil halde fram med å sende data, før signalet sloknar. Om dei er heldige, kan det vere opptil to veker. 

Kor har brugda vore? 

Eitt år med data er ei forskingsmessig gullgruve for Antonia Klöcker.

I doktorgrada si skal ho granske langdistanse-migrasjonen til brugde og håbrann, noko det er lite forsking på i Noreg. 

Satellittmerka registrerer mellom anna temperatur, djupne og lys, og ved hjelp av eit komplisert reknestykke kan ho rekonstruere symjeruta til haien.

Eitt av dei store spørsmåla ho håpar å få svar på er om brugda og håbrannen migrerer til norske farvatn eller om dei er her heile tida. Er det ein eigen lokal populasjon eller del av populasjonen i Storbritannia og Frankrike? 

– Vi veit lite om livshistoria til brugda eller håbrannen, så dette er verdifull informasjon, seier Klöcker. 

Etter årets «haidundrande» merkesuksess har ho endå meir data i vente til neste år. 

 

Om du får auge på eit satellittmerke, meld frå gjennom portalen Dugnad for havet.