Gå til hovedinnhold

Det vesle merket losna i hjartet av Nordsjøen – vart funne i siste liten


Ein mann står på dekk av KV Bergen. Han har på seg hjelm og redningsvest og smiler breitt til kamera. I handa har han eit satellittmerke.

Torgeir Standal, nestkommanderande på KV «Bergen», peila seg fram til satellittmerket vårt i Nordsjøen.

Fotograf: Kystvakten

12 dagar etter at merket først losna, fiska KV «Bergen» satellittmerket vårt opp av bølgjene i Nordsjøen.

Dei siste vekene har det føregått eit kappløp i Nordsjøen. 

Eit kappløp mot tida og mot havet. 

For midt i hjartet av Nordsjøen losna eitt av våre satellittmerke – proppa fullt av verdifulle brugdedata. Data som kan kaste lys over ein art som har svømt langs norskekysten i tallause år, men som ingen veit særleg om.

«Haiteamet» har hatt hjarte i halsen, for frå merket losna byrja klokka å tikke. 

Når merka først slepper taket, har merka toppen to veker batterikapasitet før dei sloknar. 

Om dette slokna, ville det vere tapt. Det ville vere tilnærma umogeleg å finne att det vesle, svarte merket på det store, mørke havet om signalet vart stilt. 

Merkejakta har involvert havforskarane våre, danske kollegaar, tyske forskingsfartøy og til sist Kystvakta. 

Og tida har vore i ferd med å renne ut.

Ei umogeleg oppgåve?

Då det aller første av fjorårets tre brugdemerke losna, hadde «haiteamet» flaks. Det dukka opp 20 nautiske mil frå der dei var i Lofoten, og var fanga opp på ein times tid. 

Og heilt etter planen, losna det andre satellittmerke søndag 2. juli. Då hadde det vore festa til brugderyggen i eit heilt år, og flaut til overflata. 

Då det nådde vasskorpa sende det signal via satellitt: «her er eg, finn meg». 

Kart over den nordlege halvkule frå Grønland til Russland. To rosa firkantar syner på kartet. Den eine er rett ved Lofoten, den andre er plassert midt i Nordsjøen. Desse syner kor satelittmerka har dukka opp.
Merket som dukka opp rett utanfor Lofoten, fekk havforskarane fort tak i. Satellittmerket i hjartet av Nordsjøen bydde på fleire utfordringar.

Det låg i britisk sone i Nordsjøen. Korleis i alle dagar skulle havforskarane få tak i det? 

– Det er sjeldan vi har måtta la eit slikt merke flyte av garde. Det høyrdest ut som ei umogeleg oppgåve å få tak i det, men det er utruleg kva som går an, fortel havforskar Otte Bjelland, som òg set alle satellittmerka. 

365 dagar med klump i magen

Det har teke ein eventyrleg innsats å i det heile få sett merka. Årevis med planlegging leia opp til nokre intensive veker med brugdeleit og merking i fjor. 

Og så var det berre å vente. 

– Det har vore nesten som å ha ein klump i magen heile året. Har vi sett merket på rett plass? Held ankeret? Er alt i orden? Det får du ikkje svar på før 365 dagar etterpå, seier Bjelland.

Kvart einaste merke har også ein eventyrleg verdi. 

Med ein gong eit satellittmerke losnar og kjem til overflata, byrjar det å sende data via satellitt. Merka er programmerte slik at dei sender prioritert data først – informasjonen som let forskarane modellere den horisontale vandringa til fisken. 

Foto av forsker som er i ferd med å sette sattelittmerke i hai, sett fra hodekamera.
Satellittmerka forskarane no hentar igjen, vart sette på brugder i fjor. Kanskje er det merket frå denne brugda dei no har fått tak i? Foto: Havforskningsinstituttet

Men om havforskarane får merket i handa, får dei tilgang på heile dataarkivet. 

Då får dei data som syner lysforholda, temperaturen og djupna fisken sym på, frå kvart 5. sekund i eit heilt år. Det er 6,5 millionar linjer data. 

– Det er nesten sjokkerande kor lite vi veit om ein så stor art, som har vore i norske farvatn i ei æve, seier havforskar Claudia Junge, prosjektleiar for «Sharks on the move». 

Å få eitt merke tilbake er difor ei gullgruve. Å få to er heilt utruleg.

– Har du digitale spor frå eitt individ, så kan du seie at «denne haien svømte hit og dit». Har du data frå to individ, så kan to ting skje: det andre individet kan gjere det same eller det kan gjere noko heilt anna. Begge deler er utruleg spennande! forklarar ho. 

To individ er framleis eit lite utval, men om dei gjer det same kan det tyde på at eit mønster eksisterer. Om dei gjer ulike ting, så ser du med det same at det ikkje er éin strategi for alle haiar.

Merka i seg sjølv er òg kostbare i kroner og ører, og kvart merke HI får tilbake sparar oss utgifter seinare.

Ein nordmann, ein danske og ein tyskar…

Sidan løna er så stor, var også innsatsen for å få tak i merket tilsvarande. 

Ein omfattande logistikk-manøver vart sparka i gang med det same. 

– Vi byrja med å sjekke kor våre eigne båtar var og kor dei skulle – og så sjekka vi om det var andre båtar som skulle dekke området. Opp i dette måtte vi også rekne ut kor merket kom til å drive – kor vil vinden og straumane føre det? forklarar Bjelland.

– Det er ikkje nokon som kan segle rett ut og hente merket, dette treng planlegging. 

Ein mann snakker i telefonen. Han har på seg redningsvest og solbriller. Det er fint vêr og bak han er himmelen heilt blå.
Det er verd all innsatsen, om havforskarane får tilbake eit merke. Otte Bjelland minnest endå første gong eit satellittmerke dukka opp att, den gong frå ei makrellstørje: – Det er første og einaste gongen eg har grine på jobb. Foto: Havforskingsinstituttet

Dei kontakta forskarkollegaane sine i Danmark og i Tyskland. 

Første napp kom frå eit tysk fartøy i området. Utan peilingsutstyr er det ingen sjanse i havet for å oppdage merket, så utstyr vart sendt via danske forskarar til tyske. Men forsøket fall i fisk. 

Dagane gjekk og merket flaut av garde frå ei sone til den neste, samstundes som det sende fleire tusen meldingar – ein liten smakebit på all dataen det romma. 

– Danskane sat klare til å leige ein lokal fiskebåt dei visste skulle ut om det vart brukbare vêrforhold, men merket dreiv ut av deira rekkevidde, seier Bjelland. 

Redninga viste seg å kome heimanfrå. 

«Vi gjer eit forsøk»

Då Kystvakta og merket byrja nærme seg kvarandre, ba havforskaren om hjelp. 

Tilbake fekk han forsiktig optimisme: kanskje kunne dei klare det mellom andre oppdrag. Men dei kunne ikkje gje lovnadar.

– Kystvakta har mange viktigare oppgåver, og vi forstår godt at dette ikkje kunne kome høgt på prioriteringslista. Men så lenge der var ein sjanse, så måtte vi ta han, seier Bjelland.    

Peilingsutstyr vart sendt over natta frå Tromsø til Kristiansand, der KV «Bergen» skulle innom. Fleire i mannskapet om bord har brukt utstyret før – dette er ikkje første gong Kystvakta får tak i eit unåeleg merke. 

Fredag kveld, 12 dagar etter at merket først losna, tikka meldinga inn: «vi gjer eit forsøk».

Den aller siste sjansen

Eigentleg har «haiteamet» ferie no, etter at brugdesesongen har gått mot slutten og før håbranntoktet startar.

Men å slappe av er det siste Otte Bjelland har gjort. 

–  Det einaste eg gjorde heile kvelden var å sjekke oppdateringane på merkeposisjonen, følgje med på retninga KV «Bergen» hadde på MarineTraffic og å bite negler. 

Det byrja å gå mot kveld, regnbyene slo mot bølgjetoppane og kuling frå sør bygde seg opp. 

Skulle Kystvakta klare dette, måtte dei vere kjappe på avtrekkaren. 

– Då dei svinga, skjønte eg at dei hadde fått opp merket på peilaren. Og når du først får eit pling, då veit eg det er vanskeleg å gje seg, seier havforskaren.  

Peilaren gav Kystvakta omtrentleg posisjon på merket, og skipparen førte fartøyet så nært som råd. 

Fire menn gjekk over i MOB-båten – ein mann meir enn dei eigentleg trong, men eit ekstra par auge kjem godt med. Merket er så lite og så svart at det er vanskeleg å sjå på havet, sjølv på lyse dagen.

Båten snirkla seg nærmare merket, og signalet vart sterkare og sterkare. Er du nær nok, får peilaren utslag i alle retningar og då må du stole på synet. 

– Eg såg MOB-båten gjere ein perfekt sving og stoppe opp. Eitt minutt seinare ringde telefonen, og skipssjefen sa dei hadde funne merket, fortel Bjelland.

Fire menn står i ein MOB-båt. Dei har alle på seg gul hjelm, redningsvest og kjeledress. Dei viser tommel opp, medan ein held opp satellittmerket dei nettopp har fiska ut av sjøen.
Peter Strømstad, Øyvind Hamre, Oliver Lønningen og Torgeir Standal hadde vakne auge på havet, og fekk fiska opp satellittmerket vårt i Nordsjøen. Foto: Kystvakta

Bjelland var så begeistra at han ikkje makta halde gledesbrølet tilbake. 

– Det var ein effektiv og rask operasjon, i den absolutt siste sjansen vi hadde før batteriet døydde. Eg får ikkje sagt kor takksame vi er for hjelpa, seier havforskaren. 

Første steg er alltid å kjenne arten

Endå har ikkje forskarane rekt å analysere dataa frå dei to merka dei har fått tilbake. Det er noko av arbeidet stipendiat Antonia Klöcker skal utføre i doktorgrada si

Men dei har allereie sett at ei av brugdene har teke seg ein tur sørover. 

– Det vert spennande å sjå om denne andre brugda har same strategi med ein liten juleferie i Syden, seier Junge. 

Ryggfinnen til en brugde stikker opp av vannskorpen på sjøen.
Fotograf: Havforskningsinstituttet

Årets brugdemerking vil gje havforskarane endå meir data og kunnskap om arten, som er vurdert som «sterkt truga» på den globale raudlista. 

– Før vi kan snakke om kor vidt noko er berekraftig eller om å bevare naturen, så må vi kjenne arten. Vi må forstå biologien og økologien deira, og kor individa oppheld seg.

Dei ti brugdene som er merkte har ikkje alle fått same merket. Nokre av dei har fått to merke: eitt som losnar etter 365 dagar og eitt som heng fast i to år, men sender sanntidsdata kvar gong fisken er til overflata. 

Samstundes har to av brugdene fått eit merke som losnar etter eit halvt år, i staden for eit heilt – det gjev forskarane ein bekrefta posisjon ut frå kor det dukkar opp att, og vil kanskje støtte forskarane sin hypotese om at brugdene migrerer sørover.  

Om havforskarane får meir kunnskap om populasjonen som sym langs norskekysten, kan dei òg samanlikne sine data med data frå haiar som er merkte i Storbritannia og Frankrike. 

– Å observere ei brugde i sjøen er fantastisk. Men for å sørgje for at det framleis finst brugder, så må vi skjønne kor ho beveger seg, kor tid ho kjem og kor sterkt påverka ho vert av menneskeleg aktivitet, seier Claudia Junge. 

Som forskar, synest ho på ein måte det er spennande å ha så mange spørsmål og så få svar. Men samtidig: 

– Det hastar å få dette på plass.