Gå til hovedinnhold

Gyv laus på EU-prosjekt om tare- og blåskjeldyrking i havvindparkar

– Vi vitskapsfolk har ansvar ikkje berre for å peike på problem, men også på løysingar, sa havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø.

Gjennom prosjektet OLAMUR skal 25 partnarar frå europeisk forsking og industri gå saman om å dyrke tare og blåskjel i tre pilotanlegg i Europa: To eksisterande vindparkar til havs og eit oppdrettsanlegg for regnbogeaure. (Sjå faktaboks.)

Havforskingsinstituttet leiar prosjektet, som har oppstartsmøte i Bergen denne veka.

Kriegers Flak.jpg

HI skal leie stort EU-prosjekt om å dyrke blåskjel og tare i havvindparkar

Prosjektet har ei finansiering på 84 millionar kroner over fire år.

Skal komme fram til konkrete løysingar

– Dette er eit prakteksempel på korleis vi må jobbe for å løyse problema vi står framfor, tverrfagleg, internasjonalt og løysingsretta, sa havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø i sin opningstale til partnarane. 

OLAMUR er eit såkalla fyrtårn-prosjekt som skal vise konkrete, berekraftige løysingar i nye industriar. I dette tilfellet: Korleis slå saman produksjon av energi, berekraftig mat og kanskje samtidig gi tenester til naturen og økosystemet? Dei skal undersøke fleire aspekt, slik som:

  • Praktiske løysingar på korleis dyrke mat offshore i utsatte miljø.
  • Mattryggleik frå taren/skjela – for eksempel er befolkinga uroa for mikroplast og hydraulikkolje frå vindturbinar.
  • Karbonlagring og miljøforbetring som tare/skjel eventuelt bidrar med.
  • Lovgjeving og regulering (byråkratiske hindre for samdrift?)
  • Vindparkar er i praksis reservat for fisk og andre dyr sidan det ikkje er lov å fiske der – kan denne typen «reservat» vere gunstig for nokre artar, og eventuelt fiskeri?
  • Kan vi legge til rette for fisk og dyr ved å lage kunstige rev der?

Stor overføringsverdi til Norge

EU var også representert på møtet og var klare på sine forventningar til prosjektet. Det skal vere eit middel for å nå deira uttalte mål om å restaurere havområda gjennom forsking, innovasjon og blå investeringar. EU ønsker løysingar for berekraftig vekst og reduserte utslepp.

Prosjektet kan også ha stor læringsverdi også for Norge. Vi har ein havvindindustri i startgropa og minkande plass til havbruk ved kysten. Interessekonfliktane melder seg også.

– Vi har vore velsigna med rikeleg med plass ved kysten og i havområda våre. Men den plassen krympar no raskt. Vi har ein historisk sjanse til å vere proaktive i korleis vi legg til rette for sameksistens, men også samspel mellom nye havnæringar, seier havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø.

– Inga hyllevare

Og så er det den tekniske biten om å drive lønsamt havbruk i ekstreme forhold til havs, som slett ikkje er trivielt, skal vi tru forskarane.

Dei ulike prosjektpartnarane er godt i gang med planlegginga.

I pilotanlegga i Danmark og Estland går truleg utstyr i vatnet allereie i år, og i Tyskland i 2024.

foto av mann foran presentasjon
– Det finst ikkje hyllevare-utstyr for den typen akvakultur vi skal i gang med. Vi må utvikle løysingane frå botnen av, lokalt tilpassa, sa Bela H. Buck. Han er professor ved det tyske Alfred Wegener Instiuttet og leiar arbeidspakken som tar føre seg sjølve dyrkinga. (Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet)