Gå til hovedinnhold

Store torske-hoer ligg ikkje på latsida – dei er meir aktive enn småfrøknene


En mann i oljehyre står ved et bord. På bordet ligger en stor torsk, som skal merkes.

Store ho-torskar oppfører seg annleis enn dei mindre individa, skriv havforskarane i ein ny Science-artikkel.

Fotograf: Havforskningsinstituttet

Dei store ho-torskane beveger seg langt meir mellom gytefelt enn dei mindre individa. 

– I torskebestandane finst det framleis nokre skikkelege tungvektarar, og desse har vi no har spora, seier havforskar Esben Moland Olsen. 

Det har vorte stadig færre store dyr på kloden. Nolevande artar er gjerne nokre knepp mindre enn stamfedrene sine, og verkelege gigantar er fåtalige. 

Globale modellar tyder på at dette kan ha alvorlege følgjer for korleis økosystema fungerer. 

Men det er mildt sagt utfordrande å sitje i 2023 og sikre forskingsdata som belyser kor viktige store dyr, som no berre eksisterer i historiebøkene, var for økosystema i si samtid.

Det forskarane kan finne svar på, er kor viktige dagens gjenverande «gigantar» er: 

– Dette er vanskelege data å få tak i, og spørsmålet om korleis «gigantane» påverkar økosystema sine gjeld over heile verda – i havet, i ferskvatn og på land, seier Moland Olsen. 

Funna er presenterte i ein rykande fersk artikkel i det anerkjende tidsskriftet Science

465 merkte torskar

Havforskarane har spora 465 vaksne torskar i gytesesongen over tre vintrar. Dei største ruggane som vart merkte vog kring 15 kilo og var opp mot 1,15 meter lange.

Torskane fekk kvar sitt vesle merke i buken. Desse merka sende signal til 28 akustiske lyttebøyer som vart sett ut i nærleiken av gytefelta i området rundt Smøla. 

Kvar gong ein torsk nærma seg, registrerte bøyen kva individ som symde forbi. 

– Då vi granska dataa, såg vi at dei store individa oppførte seg ganske annleis enn dei som var mindre, forklarar Moland Olsen.

En mann sitter på en benk og knytter skoene sine. Han har på seg arbeidsklær for å vere ute i kulden.
Havforskar Esben Moland Olsen og kollegaane har spora korleis torsken sym mellom gytefelt utanfor Smøla. Foto: Bente Kjøllesdal / HI

Større fisk har meir komplekse bevegelsesmønster

Resultata syner at dei store hoene bevegde seg i meir komplekse og omfattande mønster enn dei mindre individa. Sistnemnde heldt seg ofte innanfor éit eller nokre få nærliggjande felt:

– Men det var ein heilt annan dynamikk i dei større individa. Dei fleste av desse sværingane var mykje meir aktive, og flytta seg mellom ulike gytefelt i løpet av same gytesesongen, seier havforskaren.  

Det var færre store hannar å få merkt, men også desse synte liknande bevegelsesmønster. 

Funnet skriv seg inn i kunnskapane ein allereie har om torsken sin gytebiologi: torsken er ein porsjonsgytar. Torsken gyt i fleire omgangar i løpet av sesongen, og spreier såleis gytinga over ei lengre periode. 

Sikrar mangfald i gytefelt

I artikkelen peikar forskarane på at resultatet kan tyde på at forvaltning som fremjar stor fisk vil kunne positivt påverke kor motstandsdyktig torskebestanden er:  

– Om ein legg til rette for at torsken kan verte stor, legg ein samstundes til rette for eit vedvarande mangfald i gytefelt og at desse er knytte saman, seier Moland Olsen.  

Referanse: 

Esben Moland Olsen, Ørjan Karlsen, Jon Egil Skjæraasen. «Large females connect Atlantic cod spawning sites.» Science 382,1181-1184 (2023). DOI: 10.1126/science.adi1826