Gå til hovedinnhold

Slangestjerner, svampskogar og sjøfjør – no skal Noregs djupaste fjord granskast


En kvinnelig forsker sitter i styrehuset på en båt og ser på en skjerm

Havforskar Heidi Meyer studerer videostraumen frå undervassfarkosten og loggfører det ho ser. 

Fotograf: Maria Knagenhjelm / Statsforvaltaren i Vestland

Havforskarane granskar kva sårbare naturtypar som lever på botnen av Sognefjorden og Tysfjorden.

– Eg vert heilt fascinert: det er tusenvis av slangestjerner. Sjå kor mange som sit med armane opp for å fange mat.

Havforskar Tina Kutti peikar ivrig mot dataskjermen, der ein undervassvideo frå Sognefjorden rullar og går. 

Ho har nyleg vore fire dagar på tokt i Sognefjorden for å kartlegge kva artar som lever på botnen av Noregs djupaste fjord. Videoen ho no ser på viser artsmangfaldet på 320 meters djup – og det er slangestjerner så langt auge kan sjå.

Mange slangestjerner under vann
Slangestjerner er ein type pigghud. GIF: Havforskingsinstituttet

«Hotspot» for liv

Videoen er ein av mange som har vorte filma av undervassfartøyet (ROV) i første periode med kartleggingstokt i Sognefjorden. 

Kartleggarane var då heldige med stilt og fint vestlandsvêr. Dei bestemde seg difor for å starte med å undersøke det dei veit er ein «hotspot» for liv – terskelen, heilt ytst der kor Sognefjorden vert Sognesjøen og det vert fort bratt. 

– Der veit vi at det brukar å finnast tett i tett med organismar, som kan fange partiklar som flyt forbi. Dei trivst stadar der det er mykje straum og såleis mykje mat, forklarar havforskaren. 

Ein fjernstyrt ROV vert sendt ned, og i båten registrerer forskaren kva naturtype og artar som dukkar opp på skjermen. 

Raudlista sjøtre, check. 

Raudlista korallskog, check.

Finn ulike samfunn

Posisjonsdata for ROV-en og artane vert kopla saman automatisk, slik at forskarane i ettertid har oversikt over nøyaktig kor desse naturtypane er. 

– Så langt har vi sett ulike samfunn, alt etter kor vi dukkar.

Frå før har vi allereie ein del kunnskap om livet i Sognefjorden, med kring 60 videotransekt frå tidlegare kartleggingar. Dette materialet skal no doblast. For kartleggingsgjengen ventar ti nye dagar på Sognefjorden. 

En kvinne med oransje redningsvest og hvit hjelm står på dekk av et fartøy. Hun holder en kaffikopp i hånden og ser ut av bildet. Bak henne ligger Jøssingfjord.
Tina Kutti har vore på hundrevis av ROV-tokt i forskarkarrieren, men vert aldri mett. Der er stadig noko nytt på skjermen som fanger merksemda og nysgjerrigheita. Her frå eit anna tokt i Jøssingfjord. Foto: Erlend Astad Lorentzen / HI

To fjordbotnar i vidvinkel

I haust leier Tina Kutti to slike fjordkartleggingar parallelt. Kartlegginga i Sognefjorden er i samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland, som har løyvd pengar til prosjektet. 

I tillegg skal Havforskingsinstituttet kartlegge sårbar natur i Tysfjorden, noko Statsforvaltaren i Nordland har løyvd pengar til. 

– Vi ser ikkje breiare enn lyset frå ROV-en rekk, så når vi kikar i fjorden ser vi berre det som lever i ein lyskorridor på kring 3 meter. Skulle vi kartlagd heile fjorden med ROV, hadde det teke fleirfaldige år, forklarar Kutti. 

I staden for skal forskarane byggje modellar ut frå dataa dei hentar i kartleggingstokta og kunnskapane vi har om artar og områda dei trivst i. Desse modellane skal fortelje kva som finst mellom ROV-løypene. 

Marine verneområde

Kunnskapane frå kartleggingane og modelleringane skal statsforvaltarane bruke i sitt arbeid med marine verneområde. 

I 2004 vart 36 område føreslegne som kandidatar for marine verneområde, der målet er å verne representativ natur. Å etablere verneområde er ein tidkrevjande prosess, og kartleggingane som no føregår, er ein del av dette arbeidet. 

I nyare tid har Noreg også slutta seg til det internasjonale målet i FNs naturavtale om å verne 30 prosent av havområda innan 2030. Det skal til dels vere representativ natur, dels sårbare naturtypar. 

– Då er det viktig med kunnskap om kor i desse fjordane det førekjem ulike naturtypar som kan ha behov for ekstra vern, seier Kutti. 

Arbeidet er retta mot nokre spesifikke naturtypar som er definerte som sårbare, eller som forskarane mistenkjer er sårbare. Det er mellom anna korallskog på blautbotn og på hardbotn, korallrev og ulike typar svampskogar.

Ein av artane Noreg har eit særskild ansvar for finst i nettopp Tysfjorden.

En bambuskorall med et lite krepsdyr på seg.

Tett i tett med bambuskorallar

Forskarane har ikkje like mykje kunnskap frå Tysfjorden frå før, som frå Sognefjorden. Men det har vore gjennomført to kartleggingstokt i området tidlegare. 

– Dei viste oss at der er korallskogar og bambuskorallar – og det ser ut til å vere dei tettaste vi har sett i Noreg. Han kan såleis vere unik, seier Kutti. 

Bambuskorallen ser nesten ut som ei lita busk, og veks på blautbotn. Han har aldri vorte sett nokon annan stad enn i Noreg. Det betyr òg at vi i internasjonal forvaltning har eit ekstra ansvar for denne arten. 

– Det er vårt ansvar å sjå til at han ikkje vert utrydda, seier havforskaren. 

I tillegg har forskarane tidlegare sett at det finst ein del augekorall på dei bratte straumrike fjellveggane i Tysfjorden, og dessutan svamphagar på berggrunn og sjøfjør på mudderbotn. 

No skal dei fylle på kunnskapslageret ved å systematisk kartlegge og karakterisere førekomstane av desse sårbare naturtypane i nord. Og arbeidet er allereie i gang.