Gå til hovedinnhold

Førebels resultat: Færre perlesnormanetar i merd med skjørt


Nærbilde av en perlesnormanet.

Sjølv små perlesnormanet-bitar kan skade oppdrettsfisk med neslecellene sine. No granskar forskarane mogelege avbøtande tiltak.

Fotograf: Erling Svensen / Havforskingsinstituttet

I lys av oppblomstringa av den giftige maneten, granskar havforskarane mogelegheita for avbøtande tiltak.

Kvar dag sidan 2. desember har ein undervassfarkost køyrt løyper i to tomme merdar på eit oppdrettsanlegg i Rogaland – frå overflata og til botnen. Den eine er ein vanleg, kommersiell merd, den andre har eit 8 meter djupt skjørt og låg luftgjennomstrøyming. 

På land sit forskar Tina Oldham og analyserer videoane: Kor i vassøyla førekjem perlesnormaneten, og er det forskjell på kor mange som finn vegen inn i dei to merdane?

– Dei førebelse resultata syner at det er færre perlesnormanetar i og på merden med skjørt, enn i merden utan, seier Oldham. 

Skadar oppdrettsfisk

Studien er sett i gang i lys av perlesnormanet-oppblomstringa som har føregått langs norskekysten dei siste månadane. 

Perlesnormaneten er ein kolonimanet med sterk neslegift. Han vert delt opp i mindre bitar av bølgjer, turbulens og fysiske hindringar, og kan såleis trenge inn i merdar – noko som har hendt i år. 

Havforskingsinstituttet har måtta avlive eigen fisk på sjøanlegget i Austevoll, grunna manetåtak.

Det er framleis kunnskapshol om perlesnormaneten og følgjene han kan ha i norske farvatn, noko som òg gjer det utfordrande for oppdrettsnæringa å finne avbøtande tiltak om han kjem til anlegga.

Den pågåande studien føregår i samarbeid med Mowi og Centre for Aquaculture Competence (CAC).

Tre bilder som viser perlesnormanet i merd
Biletet øvst til venstre syner ein stor perlesnormanet utanfor merden. Biletet øvst til høgre syner ein medium manet på nota. Biletet på botnen syner små manetar inne i merden. Foto: Havforskingsinstituttet

Flest manetar i overflata

Til no har undervassfarkosten på Fosså-lokaliteten i Rogaland filma 120 videoruter. Desse har Oldham granska nøye. 

Kor i vassøyla er det perlesnormanetar? Er det små fragment, middels eller store? Er maneten inne i sjølve merden, heng han i nota eller driv han utanfor merden? 

Dei førebels resultata syner at flest perlesnormanet er observerte i overflata: 

– 63 prosent av perlesnormanetane førekjem over 10 meters djup, og heile 76 prosent over 15 meter, seier Oldham. 

Men perlesnormaneten har også vorte observert heilt på botnen av merdane, på 35 meters djup. 

– Så langt i studien er det under halvparten så mange perlesnormanetar i merden med skjørt samanlikna med standardmerden. Størst er forskjellen i dei øvste 15 meterane av vatnet, seier Oldham.

Ein tabell som syner at det er fleire perlesnormanet i merden utan skjørt
Slik fordeler perlesnormanet-observasjonane seg i dei to merdane.

Forskaren peikar på at barrierar reduserer gjennomstrøyminga av vatn, og kan difor stenge dyreplankton ute – men også stenge dei inne i merden. 

Som andre plankton, driv perlesnormanetar med havstraumane. Observasjonane i studien samsvarar godt med den dominerande straumretninga på lokaliteten, men manetar vert observerte i heile merden.

Førebels resultat

Forskar Tina Oldham presiserer at dette er førebels resultat frå ein studie som enno pågår. 

Ho peikar på at eit brakkvasslag truleg vil endre det observerte mønsteret:

– Det kan dytte perlesnormaneten djupare, noko som vil gjere barrierar mindre effektive. 

Salthaldigheita har vore stabil og einsarta gjennom heile forskingsperioden, med 31 ppt på éin meters djupn og 33 ppt på fem meters djupn. 

I løpet av den neste tida, håpar forskarane å granske både korleis brakkvatn påverkar observasjonane og kva høg luftgjennomstrøyming vil ha å seie for resultata.

– Høgare luftgjennomstrøyming, som er nødvendig for større biomassar, kan vere meir risikabelt sidan perlesnormanetar enkelt vert delt opp i mindre bitar, seier Oldham.