Gå til hovedinnhold

Denne bitte lille Sotra-turisten gjev forskarane hakeslepp


Ein liten sjøhest under vatn. SJøhesten er lys rosa i fargen, og har svakt krumma hale

Denne vesle sjøhesten har vore på symjetur på Vestlandet.

Fotograf: Felicia Ulltin/Dugnad for havet

I løpet av ein dryg månad har tre sjøhestar langs norskekysten vorte melde inn til havforskarane.

I midten av november tikka det inn ei registrering på Dugnad for Havet som gjorde at havforskar Gro van der Meeren sette teen i halsen. 

Ein død sjøhest utanfor Hvaler.

Kunne dette vere sant? 

Sjøhestar høyrer ikkje heime i norske farvatn, og er elendige symjarar som ikkje har for vane å ta seg ein tur til nordlege strok. Dei har knapt vorte vitskapeleg dokumenterte på våre breiddegrader på fleire hundre år. 

– Eg fekk heilt hakeslepp, og sette himmel og jord i bevegelse, seier van der Meeren. 

Ein ønskjedraum

Den første observasjonen kom ikkje åleine. 

Nokre dagar seinare kom ei ny registrering. Nok ein død sjøhest var funnen, denne gongen i fjæresteinane ved Farsund. 

Ein liten månad seinare: ein fridykkar sender inn bilete av ein liten, symjande sjøhest utanfor Sotra. 

– For mange dykkarar har det jo vore ein ønskjedraum å støyte på sjøhestar i norske farvatn, men det har jo stort sett vore berre ein draum, seier van der Meeren. 

En liten sjøhest hviler i hånden til en dykker
Foto: Felicia Ulltin/Dugnad for havet

Uhyre sjeldan

Biskop Erik Pontoppidan skildra sjøhest langs norskekysten tilbake i 1752, men i moderne tid er slike funn uhyre sjeldne. 

Frå tid til anna har det kome inn registreringar i Dugnad for Havet, men aldri nokon som har lete seg validere. Anten har innsendar mangla bilete, eller så har forskarane sett at det ikkje er ein sjøhest, men heller ei hav- eller ei tangnål. 

– Desse tre registreringane er dei første vi har fått inn der vi kan seie sikkert at det er sjøhestar, seier van der Meeren. 

I Europa finst to artar – langsnuta sjøhest (Hippocampus guttulatus) og kortsnuta sjøhest (Hippocampus hippocampus). 

Desse førekjem mellom anna rundt Dei britiske øyar – frå Den engelske kanal og opp til Shetland. Men det er eit heilt hav mellom dei sedvanlege britiske ålegras-habitata til sjøhestane og til Sotra, så korleis dei har enda opp på norgesbesøk no, veit forskarane ikkje. 

Skal DNA-analysere individa

Nøyaktig kva sjøhest-art kvart individ er, er endå ikkje avklart.

Dei to daude sjøhestane er sende til Stavanger Museum, som skal sørgje for at dei vert DNA-analyserte. 

Den vesle Sotra-turisten fekk symje vidare, etter å ha posert for fotografen.

– Men vi har sendt bileta til ein ekspert i Kroatia, og han meiner to av dei kan vere langsnuta sjøhest, seier van der Meeren.

For å vere sikre, lyt forskarane først ha eksemplara føre seg. Då kan dei telle haleringar eller finnestrålar, samanlikne hovudlengd og snutelengd, og registrere kjenneteikn som ikkje vert tydelege på bilete, eller ta nettopp ein DNA-test.