Gå til hovedinnhold

Har funne ny, uventa antibiotikaresistens i bergenskloakken


En forsker i hvit labfrakk og blå plasthansker er på labben. I hånden holder han en petriskål med prøver.

Forskar Nachiket Marathe leiar prosjektet som tek prøver frå kloakken i Bergen. Her fotografert i samband med eit anna funn frå prøvene. 

Fotograf: Priyank Nimje

Forskarane har påvist nye plasmid med resistensgen mot «siste utveg»-antibiotikum – trass i at det sjeldan vert brukt i Noreg.

– Dette har ikkje vore funne i Noreg før, seier HI-forskar Nachiket Marathe.

Han leier forskargruppa som saumfarer bergenskloakken for å finne ut kva bakteriar som gøymer seg i tarmane våre. 

Dei har nyleg oppdaga nye plasmid i E.coli-bakterien som ber genet VIM-1. Dette genet gjev resistens mot antibiotikumet karbapenem.

Resistensgenet vert funne i fleire land i både Søraust-Asia og Sør-Amerika, men at det vart påvist i eit avløpsreinseanlegg i Bergen overraska forskarane.  

– Det er litt rart at vi finn det her, for antibiotikumet vert sjeldan brukt her til lands. 

«Siste utveg» 

Karbapenem er eit såkalla «siste utveg»-antibiotikum. Når meir målretta antibiotika ikkje har nokon effekt eller bakteriar er resistente mot dei vanlegaste antibiotikaa, så kjem karbapenema på bana. Det er medisinen ein brukar, når ingen andre medisinar funkar. 

Tarmbakteriar som er motstandsdyktige mot karbapenem er difor ein av dei største helsetrugslane vi kan kome til å stå overfor. 

– Det kan føre til resistens mot alle betalaktam-antibiotika som vanlegvis vert brukte, forklarar Marathe.

Det same plasmidet bar òg gen som gav resistens mot fleire andre antibiotika og mot tungmetall som kvikksølv.

To år med kloakkprøver

Dei siste to åra har Marathe og kollegaane jamleg henta inn prøver frå fem avløpsreinseanlegga i Bergen, i samarbeid med kommunen. Forskarane samlar prøver både frå reinsa og rå kloakk. 

Av dei mange milliardane bakteriar vi har i tarmane våre, så er dei aller fleste heilt ufarlege og også nødvendige for å bryte ned maten vi et. 

Men blant desse nyttige bakteriane, finst det òg dei som kan skape trøbbel – bakteriar som er motstandsdyktige mot antibiotika, noko som kan føre til alvorleg sjukdom.

– Problemet med antibiotikaresistens er at berre sjukehus vert granska, men samfunnet utanfor sjukehusdørene ber også bakteriar, seier Marathe. 

Målet med ResMarine-prosjektet er difor å kartlegge kva resistens som eksisterer hos bergensbefolkninga, og seinare utvikle eit system for overvaking av antibiotikaresistens i miljøet. 

Tidlegare har forskarane funne multiresistent klebsiella og multiresistent E. coli i bergenskloakken.

Innsiden av et renseanlegg i Bergen. Et stort basseng av kloakk med gangbro rundt.
Kvernevik reinseanlegg i Bergen. Resistensprosjektet er eit samarbeid med Bergen kommune.
Fotograf: Gunn Eklund Breisnes, Bergen kommune

Viktig å registrere funnet fort

Det nyfunne plasmidet med resistensgen stamma frå prøver frå reinseanlegget som handsamar sjukehuskloakken, noko som kan tyde på at plasmidet òg stammar frå sjukehuset. Det vart òg funne i reinsa kloakk som går ut i fjordane.

Plasmidet kan verte overført frå ein bakterie til ein annan i kroppen. 

– Dersom ein då får ein alvorleg infeksjon, kan han verte vrien å behandle, seier forskaren.  

Funnet vart nyleg publisert hos The Lancet Microbe, eit av verdas mest prestisjetunge tidsskrift. 

Tidleg varsling 

Nachiket Marathe byrja først å forske på resistensførekomsten i reinseanlegg i India, og peikar på at Noreg har hatt mindre overvaking av antibiotikaresistens enn mange andre land. 

– Men vi må vete kva førekomstane i befolkninga er, slik at vi kan vere førebudde. 

Til no har vi ikkje hatt omfattande resistens-utfordringar i Noreg, men forskaren understrekar at dette kan endre seg raskt, om ein ikkje følgjer med. 

I prøver frå 2020 identifiserte forskarane resistensgenet NDM og tet(X4) i E. coli-bakteriar frå bergenskloakken. Då hadde NMD endå ikkje hadde vore registrert hos helseføretak i Noreg. Året etter, kom dei første sjukehusregistreringane av nettopp NDM.  

–  Kloakkprøvene kan såleis fungere som eit «tidleg varsling»-system, seier forskaren. 

Referanse: 

Nachiket P. Marathe, Vera Radisic, Francisco Salvà-Serra, Edward R B Moore, Didrik H Grevskott. «Emergence of new IncHI2 multidrug-resistance plasmids carrying VIM-1 metallo-β-lactamase in Escherichia coli in Norway» The Lancet Microbe. Lenke: https://doi.org/10.1016/S2666-5247(22)00389-5