Utviklar metode for nøyaktig notfangst

IMG_4396-2.jpg

Notfangst med makrell om bord på kystfiskebåten Asbjørn Selsbane

Fotograf: Maria Tenningen

Fiskarane slit med å måle nøyaktig kva og kor mykje dei har fått i eit notkast, for sonaren er unøyaktig på grunn av mange forstyrringar frå not og propell. No vil forskarane finne ut korleis ein kan måle meir presist, noko som kan hindre overfiske og fiske på uønskte artar.

– Det ville vere veldig nyttig å vite kva ein har fått i eit notkast. Dette vil kunne hjelpe fiskarane til å fiske det dei har planar om å fiske, og ikkje få feil fangst om bord.

Det seier forskar Maria Tenningen frå Havforskingsinstituttet.

Når ein fiskebåt brukar not for å fiske er det eit problem at sonaren som skal vise kor mykje og kva ein har fått i nota, ikkje gir nøyaktig informasjon. Ekkoet som blir sendt ut frå sonaren blir forstyrra av sjølve nota, og også av luftboblene som kjem frå propellen. Ekkosignala som kjem i retur frå propellen sine luftbobler og frå notlinet blandar seg med ekkosignala frå fisken, og det blir vanskeleg å sjå kva ein har fått i nota før ein dreg ho opp.

Fiskarane har god bruk for ekkolodd og sonar for å finne ut kvar dei skal kaste nota. Fiskerisonaren kan måle på avstand kor stor ein fiskestim er, men det er vanskeleg å estimere nøyaktig kor tett fisken står og med det kor mykje fisk det er i ein stim. Ekkolodd som dekkjer fleire akustiske frekvensar kan på si side sjå både art, størrelse og kor tett fisken står, men berre i ein tynn stråle rett under båten der det er montert.

Måleinstrumenta for luftbobleforsøk blir festa på skutesida. (Foto: Maria Tenningen/ HI)

Etter at nota er kasta trengst det betre reiskap og metodar for å få kunnskap om kor stor notfangsten er medan det framleis går an å sleppe fisken ut att. Dersom fangsten er for stor kan det gå ut over kvaliteten på fisken, fiskevelferda og sikkerheita om bord. Dersom fangsten er for liten er det gjerne ikkje lønsamt å ta han opp i det heile, og det same gjeld dersom det er innblanda feil artar.

– Vi prøver å finne metodar for å identifisere fangsten før ein dreg opp nota. Då ville ein kunne hindre at ein fiska på feil art, eller at ein fiskar for mykje, ved at fiskarane kan sleppe ut igjen fangsten i staden for å ta han opp, seier Tenningen.

Forskarane måler luftboblestøyen frå propellen med ekkolodd og akustisk kamera om bord på "Fiskebas". (Foto: Maria Tenningen/ HI)

No forsøkjer forskarane ved HI å finne ei praktisk løysing slik at målingane vil bli betre. Det har for det første blitt gjort forsøk med å bruke sonaren når motoren på båten er slått av, men det viser seg at kvaliteten på sonarmålingane framleis ikkje er god. Baugpropellstøyen forsvinn etter nokre minutt, medan hovudpropellstøyen blir verande lenger tid i vatnet. Det er usikkert om propellane er slått av lenge nok under fiske til at ein får gode målingar.

Forskarane har difor gjort forsøk på å senke sonaren djupare ned enn det som er vanleg i dag for å unngå propellstøyen. Forskarane har testa dette på båten Eros ved å feste sonaren på senkekjølen. Resultata her viste at ein ved å montere sonaren på 8-10 meters djup slik som her unngår baugpropellstøyen, men ikkje hovudpropellstøyen. Det er dessutan berre nokre få fiskebåtar som har senkekjøl, og det kan vere risikabelt å ha senkekjølen nede under fiske.

På Havforskingsinstituttet sin stasjon i Austevoll måler forskarane dei akustiske eigenskapane til nota.  Her måler dei både ekkostyrke, akustisk frekvensrepsons og demping av notlina. (Foto: Maria Tenningen/ HI)

Sjølv om ein finn løysinga på problema med propellstøy har ein framleis problemet med ekkorefleksen frå sjølve nota som dempar og forstyrrar dei akustiske signala. Eit alternativ er difor å finne alternative instrument som ikkje blir forstyrra i like stor grad av dei akustiske refleksjonane frå nota, slik som høgfrekvent sonar eller laser og kamerateknologi.

Forskarane har også starta med forsøk der instrument som stereokamera og ekkolodd blir sett ut på innsida av sjølve nota.

– Desse forsøka er i oppstartsfasen, men vi har god tru på at det vil vere råd å finne ein god metode for å måle fangst i not. Dersom viljen er der frå fiskeindustrien så skal det vere råd å finne ei praktisk løysing, seier Tenningen.

 

Les heile rapporten her