Mange bidrag frå HI under Arctic Frontiers

Merd.jpg

Fiskeoppdrett blir eit sentralt tema under Arctic Frontiers, og det kjem mange bidrag frå HI-forskarar.

Mange HI-forskarar bidrar under den store nordområdekonferansen Arctic Frontiers. Arrangementet i Tromsø starta søndag 21. januar og varer heile veka.

Forskarane frå Havforskingsinstituttet deltar i vitskapsdelen av arrangementet. Forskingsdirektør Karin Kroon Boxaspen skal vere hovudtalar under seminaret som tar for seg sameksistensen mellom havbruk og annan verksemd i kystfarvatna.

I tillegg skal forskarane Lars Asplin, Mari Myksvoll, Ingrid Askeland Johnsen, Jofrid Skardhamar, Raymond Bannister, Terje van der Meeren, og Nigel Keeley presentere resultat frå HI si forsking på korleis fiskeoppdrett påverkar havmiljøet langs Norskekysten.

Fisk og radioaktivitet i nord

Havforskar Geir Odd Johansen skal halde foredrag om variasjonar i utbreiinga av kommersielle fiskebestandar i Barentshavet og korleis leveområda deira endrar seg som følge av at Arktis blir varmare. I tillegg skal havforskar Hilde Elise Heldal vere ein av hovudtalarane under i ein rundebordskonferanse om radioaktivitet i nordområda. Legg hendinga i kalenderen via Facebook: facebook.com/events/159359498038723

Her finn du heile programmet for Arctic Frontiers.