Fritidsfiskar i Troms eller Oslofjorden? Du kan få besøk av HI denne veka

HI-034024.jpg

Vi intervjuar fritidsfiskarar langs Oslofjorden og Troms-kysten denne veka.

Fotograf: Espen Bierud / HI

Vi driv ei omfattande kartlegging av norsk fritidsfiske. Denne veka intervjuar vi fritidsfiskarar vi treff i eit utval fiskeområde i Troms og i Oslofjorden. I mai står også Hordaland for tur.

Målet er å finne ut kor mykje fisk som blir tatt opp av fritidsfiskarar, og skaffe meir kunnskap om kva fritidsfiske utgjer økonomisk og for økosystema.

Prosjektet er ein viktig del av den generelle opptrappinga på kystforsking som skjer på Havforskingsinstituttet.

I fjor kartla forskarane Hordaland – og korleis det føregjekk, kan du sjå i dette NRK-innslaget:

No står Oslofjorden og kysten i Troms for tur, før det blir ny runde i Hordaland i starten av mai. Dersom du er på fisketur i eit av desse områda, kan det altså vere at du treff på oss! Då spør vi gjerne om eit lite intervju.

I Hordaland og Troms besøker vi også turistfiskebedrifter som samarbeider med Havforskningsinstituttet for å måle lengden på fisk i fangstane som turistane tek i land.

Norge er det landet med høgast deltaking i fritidsfisket i høve til folketalet, og i tillegg kjem det mange frå nabolanda for å fiska langs Norskekysten.

Veit svært lite

For fritidsfiskarane er det ikkje krav om fiskekort eller småbåtregister, og dermed manglar det bakgrunnsinformasjon som kan brukast til å estimera uttaket av dei ulike bestandane.

Fritidsfisket er underlagt nokre reguleringar – blant anna minstemål på ein del artar og sesongfiske på hummar. Turistfiskebedrifter av ein viss storleik må frå 2018 registrere seg.

Prosjektleiar Jon Helge Vølstad påpeikar at vi likevel har eit liberalt regelverk. Det er lov å fiska med effektive fangstreiskapar som garn og jukse, og fritidsfiskarane kan selja fangsten sin.

– Slik praksis er utenkjeleg i land som USA og New Zealand, seier Vølstad.

Toppa lag

Nettopp USA og New Zealand er blant landa som deltek med forskarar i det store fritidsfiskeprosjektet. Saman med Australia er desse landa komne lengst i kartlegging av fritidsfisket.

– I desse landa er det gjort solide undersøkingar og etablert system for overvaking av fritidsfisket. Vi har verkeleg toppa laget til dette prosjektet, seier Jon Helge Vølstad.

Sjå alle samarbeidspartnarane i faktaboksen.