Ål i Norge droppar ferskvatn, vil finne ut kvifor

MX0B5053.jpg

Ved å analysere øyresteinar, parasittar og ved å spore ålen sitt svømmemønster, skal Caroline Durif finne ut kva som får ål til å velje å leve i fersk- eller saltvatn.

Fotograf: Erlend A. Lorentzen / HI

Nokre ålar vandrar opp i ferskvatn, mens andre held seg i sjøen. Særleg nord i Europa, ser dette ut til å vere tilfellet. HI har fått pengar til å finne ut kvifor.

Den europeiske ålen er katadrom. Det vil seie at han blir fødd i saltvatn, men vandrar opp i ferskvatn der han held seg store delar av livet. I teorien.

– Men her i Noreg ser vi at ålen gjerne blir verande langs kysten. Han droppar å gå opp i bekkane. Dette er motsett av ålen i Sør-Europa. Eg vil undersøke kva som får ål til å føretrekke salt- eller ferskvatn, seier Caroline Durif, som nettopp har fått vite at Noregs forskingsråd har løyva pengar til forskingsprosjektet.

– Veit veldig lite om ål i sjøen

Den felles, europeiske ålebestanden er rekna som kritisk truga. Det står nemleg dårleg til med rekrutteringa av åleyngel (glasål). I Norge har ålefisket vore stengt sidan 2010.

– Anslaga våre for ålebestanden er i stor grad basert på tal henta frå ferskvatn. Vi veit veldig lite om ål i sjøen. Kunnskap om kor mykje ål som aldri går opp i ferskvatn, vil kunne endre bildet vårt av bestanden. Når også EU diskuterer å forby ålefiske, er det ekstra viktig med solide anslag, seier ho.

Investerer i billigare metodar

Pengane frå forskingsrådet skal blant anna gå til å analysere ålen sin ferdsskrivar, øyresteinen. Ved hjelp av laser kan forskarane måle forholdet mellom grunnstoffa strontium og kalsium. Det kan avsløre om ålen har budd i ferskvatn.

– Analysen er komplisert og dyr. Derfor vil vi forsøke å kople resultata med feittsyrene i musklane, altså dietten til ålen. Enkelte parasittar kan også indikere opphald i ferskvatn. Forhåpentleg gjer vi laserteknikken unødvendig i framtida, fortel Caroline Durif.

Tverrsnittet av øyresteinen, viser at ålen er 18 år gammal frå glasålstadiet. Ålen blei fiska i Flødevigen. (Foto: Caroline Durif)

Å utvikle nye metodar har ho erfaring med. Durif-indeksen blir allment brukt av forskarar for å sjekke kor langt i kjønnsmodninga ål er komen. Nyleg leia ho arbeidet i Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) for ei storinnsamling av åledata blant medlemslanda, og ein standard for dette.

Går hand i hand med forsøksfiske

I to år har HI organisert eit forsøksfiske etter ål med eit avgrensa tal fiskarar. Det nye forskingsprosjektet vil fylle ut kunnskapen ålefiskarane har samla inn. Dei fiskar utelukkande ål i sjøen.

– Gjennom forsøksfisket har vi også bygd opp eit viktig nettverk for kunnskap om ålefiske. Eg veit akkurat kven eg skal kontakte for råd eller praktisk hjelp, avsluttar ho. (Sjå film frå forsøksfisket.)

Caroline Durif merkar ål under forsøksfiske i haust. (Foto: Erlend A. Lorentzen)