Torsken gyter i området som skal bli sjødeponi

I 2016 ser gytinga i Repparfjorden i Finnmark ut til å ha føregått i og til dels innanfor området der det vert planlagt deponiområde for gruveavfall.
Dette er ei forskyving av gytinga som de to føregåande åra skjedde lengre ute i fjorden, viser ny rapport.

I 2016 gjennomførte Havforskingsinstituttet fire tok med eggundersøkingar i Repparfjorden og Revsbotn.

Les heile rapporten her.

Målet med eggundersøkingane i området er å følgje med på kor og korleis gytinga i Repparfjorden skjer, før og eventuelt etter eit sjødeponi for gruveavfall blir etablert.


Revsbotn er valt som kontrollområde, eit område som ein trur ikkje vil bli påverka av eit sjødeponi.

Gytinga har endra seg

Då Havforskingsinstituttet undersøkte Repparfjorden i 2014 og 2015 skjedde gytinga relativt sentralt i fjorden ved Megrunnen.


I 2016 skjedde gytinga i Markoppneset.


Det vil altså seie at gytinga no skjedde i og til dels innanfor det området som no er regulert til deponiområde for gruveavfall.

Nye undersøkingar er i gang

No i april er forskar Terje van der Meeren tilbake i området for å gjennomføre same undersøkingar som føregåande år.