Overvakinga av lakselus er i gang

Den årlege overvakinga av lakselus er no i startgropa. Også i år kan interesserte følgje med på korleis mengda lakseluslarvar endrar seg; Havforskingsinstituttet legg ut resultata frå lusemodellen ein gong i veka.

Overvakinga av lakselus er todelt, ein del er basert på avanserte matematiske modellar og den andre er basert på tradisjonelle metodar og feltarbeid. Foreløpig er det berre modell-delen av overvakinga som har starta, den meir tradisjonelle overvakinga med garn- og rusefangst av vill laksefisk, bruk av vaktbur og tråling etter utvandrande laksesmolt startar i april/mai.

Modellovervakinga dekker heile landet, og overvakinga varer ut sesongen. Det er dokumentert i vitskapelege publikasjonar at det er samanheng mellom utslepp av lus frå oppdrettsanlegg og lakselus på villfisk i nærområdet. På denne måten kan forskarane modellere kvar luselarvane spreier seg etter at dei vert klekte i oppdrettsanlegga. Desse opplysningane vert brukte til å bestemme kva stasjonar som skal undersøkjast grundig gjennom feltarbeid, for på den måten å verifisere om resultata frå modellen stemmer.

Målet med overvakinga er å få kjennskap til smittepress av lakselus langs kysten og kor mykje lus det er på vill laksefisk.

Brukar modellar for å kartlegge smittepress

Det blir brukt veletablerte modellar for å kartlegge kor mykje lus det er langs kysten. Ved hjelp av modellane kan forskarane sjå kor luselarvane driv frå oppdrettsanlegga og dermed kvar det er høgt eller lågt smittepress. I tillegg til straumdata vert òg data om mengde lus i kvart oppdrettsanlegg brukt saman med biologisk kunnskap om lusa, dette gjer det mogeleg å berekne kor mykje lus som blir produsert på dei ulike lokalitetane. Også data om mellom anna temperatur, saltinnhald, straum og vind vert brukt.  

Om overvakinga

Havforskingsinstituttet har ansvaret for den nasjonale overvakinga av lakselus og utfører arbeidet saman med NINA og Uni Research på bestilling frå Mattilsynet. Det vil kome ein førebels framdriftsrapport i juni og ein til hausten. Den endelege rapporten vert klar rundt årsskiftet.