Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Brisling i Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat


Brislingstim

Brisling (Sprattus sprattus)

Fotograf: Erling Svensen
Anbefalt kvote 2024-2025
75 321
tonn
Anbefalt kvote 2023-2024
143 598
tonn
Avtalt kvote 2023-2024
143 598
tonn

Historisk bestandsutvikling

Biomassen av gytebestanden (SSB) per 1. juli er estimert til å ha vore over MSY Bescapement etter 2013 bortsett frå i  2024, men er forventa å vere over MSY Bescapement igjen pr 1. juli 2025. Fiskedødeligheita har variert mellom 0,57 og 1,47 dei siste åra, bortsett frå i 2023 då F var på 2.7. Rekrutteringa (R) 1. juli 2023 er estimert til å vere 47% lågare enn gjennomsnittet.

Bestandens tilstand

ICES vurderer størrelsen på gytebestanden til å vere over MSY Bescapement, Bpa, og Blim.

Venta bestandsutvikling

Bakgrunn Fangst 2024-2025 F i 2024-2025 SSB 1. juli 2025 (tonn) % endring i SSB* % endring i TAC* % endring i råd***
SSB2025 ≥ MSY Bescapement med Fcap 75321 1,01 158 851 90 -48 -48

* SSB 1. juli 2025 samanlikna med SSB 1. juli 2024
**TAC for 2024-2025 samanlikna med TAC for 2023-2024
*** Råd for 2024-2025 samanlikna med råd for 2023-2024

Nedgangen på 48% i tilrådd fangst skuldast lågare enn gjennomsnittleg rekruttering i 2023 og som resultat ein nedgang i SSB i 2024.

Kvaliteten på bestandsvurderinga

Den naturlege dødeligheita nytta i bestandsvurderingsmodellen blei oppdatert i 2024 basert på resultata frå 2023 køyringa av fleirbestandsmodellen SMS for Nordsjøen. Oppdateringa endra oppfatninga av bestanden, og resulterte i eit løft både i rekruttering (frå 1991) og SSB (frå 1982) samt ei nedskalering av fiskedødeligheit (etter 1981). Desse endringane gjorde at referansepunkta måtte oppdaterast.

Brisling er eit viktig byttedyr i Nordsjøen, og den naturlege dødeligheita frå fleirbestandsmodellen inkluderer predasjon frå fleire typar sjøfugl og rovfisk (dvs. makrell og kviting).

Saker relevant for rådet

Evalueringa av forvaltningsstrategien (MSE) for denne bestanden har ikkje teke omsyn til mellomårleg kvotefleksibilitet (10%). Å implementere ein slik praksis, som fiskeriet gjer i dag, vil difor ikkje vere føre-var.

Per 1. mars 2024 har fisket utnytta 67 % av kvoten for juli 2023–juni 2024. Korttidsprognosen og råda forutset at dei resterande 33 % ikkje vil verte fiska, då brislingfangsten i perioden mars–juni vanlegvis er liten. Om det blir tatt store fangstar i denne perioden i 2024, kan det hende at rådet ikkje er føre-var.

Rådet er basert på MSY «escapement strategy» med ein Fcap, som er avhengig av ein prediksjon av SSB etter at fisket har funne stad. Rekruttar frå føregåande år utgjer ein stor del av den predikerte gytebestanden, og kor stor del av denne fisken som er moden på gytetidspunktet er ukjent. Dette bidreg til prognose-usikkerheit, men denne vert dempa av Fcap.

Dei siste åra har realisert fiskedødeligheit ofte vore høgare enn fiskedødeligheiten som vart brukt for å gje råd (Fcap). Dette mønsteret blei også observert når regelen for råd om «escapement strategy» blei evaluert. Til trass for misforholdet mellom forventa og realisert fiskedødeligheit, vert denne strategien vurdert som passande for å gje råd.

Grunnlaget for bestandsvurderinga

ICES bestandskategori: 1

Bestandsvurderingstype: Aldersstrukturert modell (SMS)

Nøkkeltal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 107 598 tonn

Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 135 952 tonn

Målsetting for gytebestand (MSY-Bescapement): 135 952 tonn

Øvre grense for fiskedødsrate (Fcap): 1,01

Venta fiskedødsrate i juli 2024- juni 2025: 1,01

Venta gytebestand 1. juli 2025: 158 851 tonn

Standardplott

Fire grafer som viser utviklingen til brislingbestanden
Brisling i ICES Division 3.a og Subarea 4 (Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat) Samandrag av bestandsvurderinga. Årstala refererer til modellåra (for eksempel vil “2023” vere perioden juli 2023 til juni 2024); rekruttering og gytebestand (SSB) er for 1. juli. Den lysare farga rekrutteringa for 2024 og det diamantforma SSB-punktet er predikerte verdiar. Fangstar for 2023 (lysare farga søyle) er foreløpige og inkluderer fangstar fram til 1. mars 2024.