Gå til hovedinnhold

Skal sjekke om laksen kan ete blåskjel


Undervannsbilde av blåskjell som vokser på stein

Reint produksjonsmessig, har Noreg det største blåskjelpotensialet i Europa. I dag vert mesteparten av ingrediensane til oppdrettsfôr importerte frå utlandet. 

Fotograf: Erling Svensen / Havforskningsinstituttet

Innan 2030 bør alt oppdrettsfôr vere frå ei berekraftig kjelde. Havforskarar skal no granske om blåskjel kan vere framtidas alternativ.

Presisering (04.12): I den første versjonen av saka viste vi til «0,4 prosent berekraftige ingrediensar». Det meir presise er «0,4 prosent nye ingrediensar».

Brorparten av klimagassutsleppa frå lakseoppdrett stammar frå fôret fisken får. Dagens fôr er for det meste sett saman av plantebaserte ingrediensar som soya og fiskemjøl og -olje. 

Men langs norskekysten med sine mange fjordarmar, kan ein mogelegvis dyrke fram eit meir miljøvennleg alternativ: blåskjel. 

– Blåskjel er ein god fôrkandidat, og Noreg har det største produksjonspotensialet i Europa. Blåskjela som vert brukte i dyrefôr har ein kort produksjonssyklus, sidan desse er mindre og yngre enn dei vi et, seier havforskar Ikram Belghit.

Ho leier det nye prosjektet Mussel Up, som nyleg har fått drygt 12 millionar kroner i støtte frå Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansiering (FHF). Målet er å finne ut om blåskjel er eit like godt fôralternativ i røynda som på papiret. 

0,4 prosent nye ingrediensar

Oppdrettsnæringa er venta å vekse for å svare på eit auka matbehov i verda, og med dette aukar òg behovet for berekraftige fôralternativ. 

I dag står oppdrettsfôr for mellom 75 og 83 prosent av klimagassutsleppa frå norsk lakseproduksjon. Klimaavtrykket frå soyaimport frå Brasil har vore særleg høgt.

Berre 0,4 prosent av ingrediensane i norsk akvafôr kjem frå det ein kallar nye ingrediensar – som insektsmjøl og mikroalgar.

– Ei endring i produksjonen og bruken av fôringrediensar vil difor vere ein av dei mest effektive måtane å redusere klimaavtrykket knytt til norsk havbruk, forklarar Belghit.

Blåskjel vert rekna som eit av dei mest lovande alternativa, og noko det potensielt kan produserast mykje av her til lands. 

– Om ein samanliknar samansetninga i protein og feitt, så har blåskjelmjøl næringsstoffa laksen treng. Tidlegare HI-prosjekt har synt at den atlantiske laksen kan ete og fordøye det, men òg at det har mykje å seie korleis blåskjela er handsama.

blåskjell i vannskorpen, berg bak
Ei større satsing på blåskjel-dyrking kan òg ha positive ringverknadar: I Danmark vert blåskjel brukte til å motverke eutrofiering i marine miljø. Foto: Arnbjørg Aagesen / HI

Har blåskjela ei fôrframtid?

For å finne ut om blåskjel-fôr har ei lys framtid i Noreg, skal forskarane granske heile verdikjeda. Frå blåskjela vert hausta via nye prosesseringsmetodar til korleis ferdige fôrprodukt påverkar veksten, helsa og velferda til laksen. 

I tillegg skal forskarane vurdere berekrafta og om det er økonomisk gjennomførleg – går det i det heile an å produsere nok blåskjel langs kysten til at det er eit reelt fôr-alternativ, med låge nok kostnadar både for miljøet og lommeboka?

– Vi treng nye løysingar for å møte berekraftsutfordringane vi står overfor, og det vert spennande å finne ut om blåskjel kan vere éi av desse, seier Belghit.