Gå til hovedinnhold

Økosystemtoktet i Norskehavet startar

I fem veker skal havforskarar frå fire nasjonar kartlegge makrell, sild, kolmule, rognkjeks, plankton, sjøpattedyr, havmiljø og meire til.

Leigefartøya «Eros» og «Vendla» legg ut frå Bergen 4. juli med dei norske havforskarane om bord. I tillegg seglar fartøy for Færøyane, Island og EU (Danmark).

  • Over ein periode på fem veker skal havforskarar frå Noreg, Færøyane, Island og EU (Danmark) kartlegge eit havområde på omlag 2,5 millionar kvadratkilometer i Nordaust-Atlanteren.
  • Makrellbestanden, som har ei stor utbreiing i Atlanterhavet, har ei sentral rolle i toktet. Forskarane brukar spesialdesigna trål for å berekne makrellbestanden.
  • Dette gir éin av fleire viktige indeksar for å avgjere kor mykje makrell det er forsvarleg å fiske – eit kvoteråd.
  • I tillegg til makrell, registrerer fartøya også andre fiskeslag med ekkolodd, inkludert norsk vårgytande sild og kolmule, og merker også rognkjeks for å studere deira vandring.
  • Forskarane målar også plankton, havtemperatur andre miljøforhold

Betydeleg kartlegging

– Over fem veker skal vi kartlegge eit område på ca. 2.5 millionar kvadratkilometer i Nordaust-Atlanteren. Det er godt over ein runde rundt jorda, seier Leif Nøttestad, havforskar og koordinator for det internasjonale toktet.

Og det trengst, for makrellbestanden har ei hovudrolle på toktet. Bestanden har ei enorm utbreiing i Atlanterhavet, sjølv om den har blitt noko redusert dei siste åra, spesielt i vestlege område om sommaren.

På det årlege økosystemtoktet trålar forskarane etter makrell. Det dannar éin av fleire viktige indeksar dei brukar til å anslå kor mykje makrell det er i havet. Deretter kan dei seie kor mykje det er forsvarleg å fiske – det vi kallar eit kvoteråd.

Det internasjonale havforskingsrådet ICES anslo sist at gytebestanden for makrell var på 3,8 millionar tonn.

Målar med trål og akustikk

Makrellen har ikkje svømmeblære og står om sommaren spreidd i mindre stimar nær overflata i jakta på dyreplankton. Då gir han svakt ekko. Hovudmetoden for å anslå kor mykje det er av han om sommaren, er derfor å fiske på forhandsbestemte punkt med spesialdesigna trål.

Fartøya registrerer også fleire andre fiskeslag med ekkolodd, hovudsakleg norsk vårgytande sild og kolmule, men også til dømes lodde ved Jan Mayen under årets tokt. Bestandsindeksane for sild og kolmule blir åtte år gamle etter årets tokt. Då er tidsseriane lange nok til at ICES kan evaluere dei, og vurdere å ta dei inn som kunnskapsgrunnlag i bestandsrådgjevinga for norsk vårgytande sild og kolmule.

Eit økosystemtokt tar "tempen" på heile havet

– Samtidig brukar vi anledninga til å overvake andre forhold i økosystemet. Det er sild og kolmule, hestmakrell, rognkjeks, Atlantisk laks, kanskje også pukkellaks, makrellstørje, kval og dyreplankton. Frå kikkert til mikroskop, med andre ord, seier Nøttestad.

– Det kjem mange forskingsbestillingar både nasjonalt og internasjonalt som vi blir spurde om å utføre i løpet av dette toktet. I år vil vi fortsette å merke til saman 200 rognkjeks om bord på «Eros» og «Vendla» for å studere vandringane til denne spennande arten.

I tillegg kjem omfattande studiar av havtemperatur, -straum og andre miljøforhold.

Toktet held fram til 4. august. Vi legg ut nokre uformelle undervegsrapportar her på hi.no