Gå til hovedinnhold

Milliondryss til folkeforsking – slik vert du ein Kysthjelpar med nokre få klikk


En person fisker fra en robåt som ligger på sjøen. I horisonten ser en noen holmer, og på den siste av dem står et fyr.

Hald augo opne om du skal på fisketur langs kysten eller om du skal i fjæra. Dersom du ser noko uvanleg, meld frå til Dugnad for havet.

Fotograf: Espen Bierud/HI

Oslofjordens Friluftsråd og Havforskingsinstituttet (HI) har fått støtte til eit omfattande folkeforskingsprosjekt «Kysthjelperne», finansiert av Sparebankstiftelsen DNB. Saman skal vi samle inn data om kysten, spesielt i Oslofjord-området.

Dei siste to åra har havforskarane på HI fått inspirerande god hjelp frå folkeforskarar langs kysten frå nord til sør. Vi har fått kunnskap om nye maneter, algeoppblomstringar, og nye artar i våre farvatn. 

Det viser at folkeforsking gir god forsking med godt samarbeid og kvalitetssikring av havforskarane ved HI.

Oslofjordens Friluftsråd har saman med Norsk Friluftsliv nyleg samla organisasjonar med hjarte for naturen i «Nettverk for en levande Oslofjord» – mange etablerte kring Oslofjorden, men òg nasjonale organisasjonar er med på laget. 

Til saman har dei omlag 1 million medlemmar som vi håpar vil ta i eit tak for kysten. 

– No kan vi skru opp folkeforskinga endå eit hakk! seier prosjektleiaren i «Kysthjelperne», seniorrådgivar Nicolay Moe i Oslofjordens Friluftsråd.

Sparebankstiftelsen DNB har nemleg løyvd kring 15 millionar kroner til prosjektet «Kysthjelperne», som skal gå over tre år. 4,5 millionar kroner skal gå til videre utvikling av dataverktøyet Dugnad for havet slik at det kan lettare brukast endå meir. 

Meir data, meir kunnskap

Livet i fjæra endrar seg raskt på grunn av klimaendringar og annan menneskeleg aktivitet. Difor treng havforskarane hjelp til å registrere kva endringar som føregår i økosystema gjennom året, og frå år til år. 

Spesielt viktig i dette prosjektet er Oslofjord-området, der vi må registrere tilstanden til fjorden, og effekten av dei forskjellige tiltaka for å sjå kva for nokre som verkar. 

– Dette er ein vinn-vinn-situasjon. I FN sitt havforskingstiår skal vi gjere forsking og samle kunnskap for å kunne forme den framtida vi ønskjer oss. Her er folkeforskarane viktige. Dei gjer det mogleg å auke forskinga og redusere kostnadane, seier fagdirektør Sissel Rogne, prosjektleiar for HI sin Dugnad for Havet og legg til:

– Slik får vi meir og betre havforvaltning, samstundes som folkeforskarane har det gøy, interessant og lærerikt. 

Plattforma skal no verte vidareutvikla slik at de kan registrere fleire artar – anten det er skjell, sjøpattedyr eller tang og tare – og lage eigne tidsseriar frå kysten, slik at havforskarane kan spore endringar frå ein sesong til ein annan og frå eitt år til det neste. 

– HI-digital har allereie planlagt aktivitetar for Dugnad for havet i haust, og no kan vi auke kapasiteten ytterlegare, for å lage ei meir omfattande og fleksibel plattform. Dette gjev nye perspektiv for HIs datafangst, seier digitaldirektør Linn Cecilie Moholt. 

Følg med, folkeforskar 

Alle kan verte ein kysthjelpar – dykkarar som ser hamnespy, padlarar som får auge på ei nise, badande som oppdagar ein uventa manet i sjøkanten. Alt du treng er å ha augo og telefonen din med deg. 

– Havet er magisk og livsviktig for oss å forstå for å ta vare på det. Gå inn på Dugnad for havet og sjå kor vi treng ditt bidrag som folkeforskar. Tusen takk for hjelpa! seier Rogne.