Gå til hovedinnhold

Langt meir hummar i fredingsområdet enn utanfor


Ung kvinne i kjeledress lener seg over rekka og slipper hummer ned i mørkeblå sjø

Ingeborg Marie Skår frå Austevoll vgs. slepp ut hummar i reservatet etter å ha målt den i alle retningar.

Fotograf: Christine Fagerbakke / HI

Etter fire år med freding har bestanden auka. Hummaren har også blitt større.  

I Noreg har hummarbestanden gått kraftig nedover dei siste tiåra. 

Ein studie viser at bestanden gjekk ned med  92 prosent frå 1928 til 2019.

Hummaren blir rekna som sårbar i den siste utgåva av den norske raudlista (2021).  

Men eit lyspunkt finst. Det viser seg at bestanden veks raskt i fredingsområda, når fisket tek slutt. 

I dag finst det over 50 fredingsområde for hummar i Noreg.

Eit av desse vart etablert hausten 2018 i Austevoll, som det einaste slike område ute på kysten av Vestlandet. I denne regionen ligg dei andre områda inne i fjordane i Hardanger og Sogn. 

No har havforskarane summert opp resultata etter over fire år med freding. 

Gutt og jente lener seg over en hummer på dekk og måler denne med linjal
Elev Ingeborg Marie Skår får innføring i korleis ho skal ta dei måla forskarane treng, frå HI-teknikar Andreas Habbestad. Foto: Christine Fagerbakke/HI 

Bestanden har auka 3,8 gonger 

Havforskingsinstituttet (HI) har i samarbeid med Austevoll vidaregåande skule overvaka hummarbestanden i fredingsområdet ved Trollsøy sidan starten. 

For å kunne samanlikne, har dei også følgt utviklinga i eit område der det er lov å fiska hummar i sesongen.  

– Vi ser at bestanden i fredingsområdet har auka kvart år, samanlikna med referanseområdet, seier HI-forskar Terje van der Meeren. 

I referanseområdet minkar bestanden kvart år med mellom 43 og 80 prosent, om lag tre veker inn i sesongen for hummarfiske. 

– No er det 3,8 gongar meir hummar i fredingsområdet, enn tilbake til starten i 2018. 

Veks seg større og kraftigare 

Ikkje berre er det meir hummar i fredingsområdet enn utanfor. Hummaren er også større. Det skuldast at dei store humrane ikkje vert fiska ut her. 

– Mellom 33 og 38 prosent av humrane vi målte i fredingsområdet var over 30 cm lange i fjor, seier havforskaren.   

– I referanseområdet fann vi derimot ikkje hummar over 30 cm nokon av åra, etter at fisket hadde vart tre veker inn i sesongen. 

Søylediagram som viser hummerens størrelse i de to områdene de årene som er undersøkt

Bestanden si evne til å veksa har blitt langt betre 

I fredingsområdet i Austevoll har det forskarane kallar det reproduktive potensialet, altså bestanden si evne til å produsera avkom og dermed veksa, blitt meir enn firedobla samanlikna med referanseområdet. 

– Sidan store humrar legg oftare egg enn dei små, er det sannsynlegvis endå større, seier van der Meeren.

Tilrår permanent freding – og fleire kystnære reservat 

Fredingsområdet ved Trollsøy varar ut 2023. Havforskarane tilrår at det blir forlenga med uavgrensa varigheit.

Det vert også tilrådd at det blir etablert fleire fredingsområde på kysten i vestlandsregionen.  

Referanse 

Terje van der Meeren, Hummerfredning ved Trollsøy i Austevoll – Resultater fra 2018 til 2022, Rapport fra havforskningen 2023-33.