Gå til hovedinnhold

Korleis kan Vestlandet bli grønare – og Noreg meir berekraftig?

Det er spørsmålet. Denne veka diskuterer forskarar, politikarar, næringsliv og forvalting seg fram til moglege svar. – Løysingane for framtida må vere tverrfaglege, seier havforskingsdirektøren.

Med fjord og fjell i bakgrunnen er ramma sett. Det skal bli siste nytt frå forskingsfronten, og det blir debatt. Det skal handle om alt frå kraftproduksjon og grøn næringsutvikling til småbruka si klimarolle og innovative løysingar i havbruk. Den raude tråden er eit grønare Vestland.

– Her møtest mange perspektiv til ei felles idémyldring om korleis vi saman kan verte rusta for framtida, både lokalt og nasjonalt. Det er utruleg motiverande, seier havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø.

– Dette er ein av dei mest spennande arenaene for å snakke om klima og natur, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide. 

– Vi har vakker natur rundt oss, men vi er samtidig også veldig nær på mykje av industrien som skal omstilla seg. 

Samarbeid sikrar grøn framtid

Havforskingsdirektøren er tilbake på kaikanten i Kvinnherads-bygda, for å delta på den fjerde utgåva av Rosendalsveko.

– Skal vi lukkast i møte med dei store utfordringane Vestlandet og Noreg står overfor, så må vi møtast på tvers av fag og roller. Kunnskapsdeling, gode samtaler og samarbeid er avgjerande når vi skal løyse energikrise, klimakrise og jobba fram eit meir berekraftig samfunn, meiner Kvamstø.

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide forklarer kvifor vi skal sitte på vårt lille nes og diskutere: