Ny rapport: Seks gonger meir mat frå havet

Fiskearter fra Barentshavet.jpg

Artikkelen estimerer at havet i framtida kan gje 364 millionar tonn meir animalsk protein frå oppdrett og fiskeri  dersom dei naudsynte endringane skjer i forvalting og teknologiutvikling.

Havet kan syta for ein stor del av maten som trengs for å metta den stadig aukande befolkninga på jorda – først og fremst i form av meir oppdrett. Men ikkje utan betre havforvaltning og ny teknologi.      

I dag kom «The Future of Food from the Sea» – det første av i alt 16 såkalla Blue Papers bestilt av Høgnivåpanelet for berekraftig havøkonomi (sjå faktaboks).

Artikkelen konkluderer med at betre forvaltning og teknologiske nyvinningar kan gjera det mogeleg å hausta og produsera meir seks gonger meir mat frå havet enn det vi hentar i dag. Det utgjer meir enn to tredelar av det animalske proteinet som trengs for å metta den veksande  befolkninga på jorda.

Råd om potensial og utfordringar

– Dette er ein viktig rapport som baserer seg på god kunnskap – og som tar dette vidare og ser på kva potensial havet har og kva som er utfordringane, seier forskingsdirektør Geir Huse på Havforskingsinstituttet (HI).

HI er ikkje på forfattarlista, men stiller i Roma med forskingssjef Peter Haugan, som er ein av leiarane i ekspertgruppa til høgnivåpanelet. Einaste norske forfattar til dette første Blue Paper-et er Linda Nøstbakken frå NHH.

Den norske forvaltningsmodellen

Den gjengse oppfatninga har vore at taket er nådd i dei ville fiskeria. Ekspertrapporten hevdar derimot at – forutset at dei naudsynte endringane skjer – så er det mogeleg å ta ut 20 prosent meir enn det som i dag vert fiska på verdsbasis. Det er likevel på oppdrettsida at det største potensialet ligg. Men også her må det skje eit skifte – spesielt når det gjeld fôr og miljøpåverknad.

– Noreg har investert mykje i havforvaltning, og det får vi igjen i form av berekraftig ressursutnytting med god avkasting. Vårt forvaltningssystem er forskings- og kunnskapsbasert, og byggjer i tillegg på reguleringar og kontroll av næringane. Denne modellen kan heilt klart bidra til å løysa ein del av dei utfordringane ekspertrapporten peikar på, seier Geir Huse.