RedigertLaksErlend.jpg

Avslører fiskens helse ved hjelp av røntgen og beinknusing

Røntgen har hjelpt HI-forskarane til å gjere livet betre for oppdrettslaksen. Det heile starta på ei mammografiavdeling for nærare tjue år sidan.

Ved første blikk kan det minne om eit tannlegekontor. Eit lyst og sterilt rom. I eit avlukke blir pasienten lagt godt til rette. 

Ei kvinne i kvit frakk går ut av avlukket, stenger døra bak seg, trykker ned ein knapp. Det kjem eit kjapt BZZZ og så rullar eit ferskt røntgenbilete over PC-skjermen.

Men pasientane skil seg frå den vanlege typen pasientar i tannlegestolen.

I avlukket er det ingen stol, men eit brett. For her er det fisk og anna marint liv som blir røntgenfotografert.

  • C:\Users\a5440\Desktop\MATRE RØNTGEN FOTOS ERLEND\MX0B6288.jpg

    Lab-leiar Karen Anita Kvestad med dagens pasient, ein oppdrettslaks. 

  • C:\Users\a5440\Desktop\MATRE RØNTGEN FOTOS ERLEND\MX0B6266.jpg

    Fisken blir lagt i posisjon, før bilete kan takast. 

    Fotograf: Erlend A. Lorentzen/HI
  • C:\Users\a5440\Desktop\MATRE RØNTGEN FOTOS ERLEND\MX0B6291.jpg

    Flunkande nytt: Røntgenlaben på Matre opna for kort tid sidan. 

    Fotograf: Erlend A. Lorentzen/HI
  • MX0B6270.jpg

    Eit kjapt bzz: Få sekund etter at Karen Anita har trykt på utløysaren, dukkar bilete opp på PC-en. 

    Fotograf: Erlend A. Lorentzen/HI
  • C:\Users\a5440\Desktop\MATRE RØNTGEN FOTOS ERLEND\MX0B6273.jpg

    Detaljert: Røntgenbilete av god kvalitet gjer jobben enklare for forskarane. 

    Fotograf: Erlend A. Lorentzen/HI

Det byrja med mammografi og mørkerom i bøttekottet 

Tilbake i 2001, troppa ein ung doktorgradsstipendiat opp på mammografiavdelinga på Haukeland universitetssjukehus.

Det var ikkje bryst Per Gunnar Fjelldal var interessert i– men fisk.

Dei tilsette tok han godt i mot, for dei syntest at fisken var ei artig avveksling.

Besøket på mammografiavdelinga skulle bli utgangspunktet for mange fleire røntgenbilete og, ikkje minst, eit omfattande vitskapeleg arbeid.

  • C:\Users\a5440\Desktop\MATRE RØNTGEN FOTOS ERLEND\GAMLE DAGER 1.JPG

    Godt polstra: Britt Sværen Daae demonstrerer verneklea forskarar og teknikarar måtte bruke, for ikkje å bli utsett for stråling. Blyveggen bak var bokstaveleg tala blytung å slepe med seg rundt på stasjonen. 

    Fotograf: Arkiv/HI
  • C:\Users\a5440\Desktop\MATRE RØNTGEN FOTOS ERLEND\GAMLE DAGER 3.JPG

    Noko improvisert: Bøttekottet vart mørkerom. 

    Fotograf: Arkiv/HI
  • C:\Users\a5440\Desktop\MATRE RØNTGEN FOTOS ERLEND\GAMLE DAGER 2.JPG

    Røntgen til tørk: Forskarane måtte smøre seg med tålmod før dei kunne studere røntgenbileta. 

    Fotograf: Arkiv/HI

– Vi fann ut at røntgen var eit så godt verktøy, at vi trengte å ha eit apparat sjølv, fortel Per Gunnar.

– Dermed så kjøpte vi vår eiga maskin, men det var ein ganske tungvint prosess. Vi hadde heimesnekra blyveggar som var, vel, blytunge, og som vi måtte drasse med oss rundt. Vi måtte polstra oss godt i vernekle. Så improviserte vi til eit mørkerom i bøttekottet, kjøpte eit tørkestativ til å henge bileta på og bygde eit lysbord av ein gamal lyskastar, humrar han, nær tjue år seinare. 

  • C:\Users\a5440\Desktop\MATRE RØNTGEN FOTOS ERLEND\MX0B6544.jpg

    Den gong då: Per Gunnar viser fram eit røntgenbilete av den eldre typen. 

    Fotograf: Erlend A. Lorentzen/HI
  • C:\Users\a5440\Desktop\MATRE RØNTGEN FOTOS ERLEND\MX0B6546.jpg

    Minner: Framleis heng ein gamal favoritt på kontorveggen til Per Gunnar. 

    Fotograf: Erlend A. Lorentzen/HI

I dag har forskingsstasjonen fått flunkande nytt utstyr. Prosessen som før tok så lang tid, går no på sekund.

– Vi får bilete av høg kvalitet rett inn på PC-en. Der vi før måtte ta eitt og eitt bilete, kan vi no gå inn og ut av avlukket, justere litt på fisken, og vi kan ta så mange bilete vi vil på kort tid, smilar lab-leiar Karen Anita Kvestad.

Det er ein fordel at det går fort når «pasientane» tidvis er levande og brått kan vakne opp av bedøvinga.

Langt lettare prosess enn tidlegare: Lab-leiaren i Matre er strålande nøgd med ny teknologi. 

Fiskeskjelettet avslører deformitetar og feil

Sidan 2001 har HI-forskarane på forskingsstasjonen i Matre publisert over 50 vitskaplege artiklar der røntgen har vore eit viktig verktøy.

Men kva er det forskarane finn ut ved å sjå på bilete av fiskeskjelett?

– Det eine er jo den grunnleggande, biologiske kunnskapen vi får ved å sjå korleis dei ulike artane er bygd opp og utviklar seg, fortel Per Gunnar. 

– Men endå viktigare er det at vi kan finne ut kvifor deformitetar oppstår, «finne feilen», noko som igjen kan føre til at oppdrettslaksen, for eksempel, får eit betre liv.

Pressar ryggvirvlar til dei knekk

Men jobben på labben er ikkje over når røntgenbilete er tatt. For vidare undersøkingar kan avsløre endå meir om beinhelsa til fisken.

Karen Anita fileterer laksen og blottar ei finhekla ryggsøyla. Ho skal skjere ut ryggvirvlar, meir nøyaktig virvel nr. 40 til og med 44. Ho lirkar dei små beina forsiktig ut av fisken og legg dei varsamt ned på arbeidspulten.

Med virvlane under forstørringsglas, reinskar ho dei varsamt for blod og kjøt.

  • C:\Users\a5440\Desktop\MATRE RØNTGEN FOTOS ERLEND\MX0B6297.jpg

    Virvel nr. 40 til og med 44 skal varsamt skjerast ut. 

    Fotograf: Erlend A. Lorentzen/HI
  • C:\Users\a5440\Desktop\MATRE RØNTGEN FOTOS ERLEND\MX0B6305.jpg

    Ryggvirvelen må så renskast. 

    Fotograf: Erlend A. Lorentzen/HI
  • C:\Users\a5440\Desktop\MATRE RØNTGEN FOTOS ERLEND\MX0B6320.jpg

    Berre virvelen skal inn under pressa. Alt av kjøt og blodskal vekk, utan at virvelen blir skada. 

    Fotograf: Erlend A. Lorentzen/HI
  • C:\Users\a5440\Desktop\MATRE RØNTGEN FOTOS ERLEND\MX0B6330.jpg

    "Beinknusaren": Bolten pressar sakte ned. 

    Fotograf: Erlend A. Lorentzen/HI
  • C:\Users\a5440\Desktop\MATRE RØNTGEN FOTOS ERLEND\MX0B6343.jpg

    "Beinknusaren" avdekker om fisken har sunne, gode bein og toler så mykje som den skal. 

    Fotograf: Erlend A. Lorentzen/HI
  • C:\Users\a5440\Desktop\MATRE RØNTGEN FOTOS ERLEND\MX0B6345.jpg

    Brekkpunktet: Grafen syner kor mykje press som måtte til, før beinet brakk. 

    Fotograf: Erlend A. Lorentzen/HI

– Det er berre ryggvirvelen vi skal leggje inn under pressa. Så alt anna må vi ta vekk, utan å skade virvelen, seier ho.

– Og ja, dette er eit putlearbeid!

Så plasserer ho den vesle ryggvirvel inn under «beinknusaren». Samtidig som bolten pressar sakte ned mot virvelen, kjem ei kurve til syne på Karen Anitas PC. Eit tydeleg hakk viser brekkpunktet – kor mykje press som måtte til, før beinet knakk.

– Dette verktøyet fortel oss om fisken hadde sunne, gode bein og tolte så mykje som den skal. Eller om den kanskje har for mjuke bein. Det får fisken når mineralinnhaldet i beinet er for lågt.

  • C:\Users\a5440\Desktop\MATRE RØNTGEN FOTOS ERLEND\BerggyltRED.jpg

    Berggylt. 

  • C:\Users\a5440\Desktop\MATRE RØNTGEN FOTOS ERLEND\MakrellRED.jpg

    Makrell. 

  • C:\Users\a5440\Desktop\MATRE RØNTGEN FOTOS ERLEND\Makrell.jpg

    Laks. 

Røntgen avdekka alvorleg mangel i fiskefôret

Per Gunnar er spesielt stolt over forsøk som HI gjorde saman med dåverande NIFES (no ein del av HI), Nofima og industrien, med utgangspunkt i bruk av røntgen. I ettertid har forsøka påverka heile oppdrettsnæringa.

– Ved hjelp av røntgen og «beinknusing» oppdaga vi at oppdrettslaksen hadde eit for mjukt skjelett. Det viste seg at laksen ikkje fekk nok mineral i fôret.

–  Laksen treng kalsium og fosfor for å ha eit sterkt og sunt skjelett. Kalsiumet får han frå sjøvatnet. Men sjølv om fisk fulle av fosfor, som kolmule, vart brukt i fôret, så klarte ikkje laksen ta dette opp i kroppen.

– Dermed kunne vi avdekke at det er nødvendig å tilsette fosfor i maten til laksen, slik at han får ei god beinhelse. Dette er no standard i norsk oppdrettsnæring.

– På grunn av den forskinga, har no oppdrettslaksen fått eit betre liv. 

 

Forskingsstasjonen Matre

  • Etablert i Masfjorden kommune i Hordaland i 1971 
  • Ein av pilarane i utviklinga av moderne havbruk 
  • Fleire av metodane som er utvikla ved stasjonen er no i bruk verda over 
  • Stasjonen har i dag 32 tilsette og konsensjon på laks, torsk, kveite, makrell, piggvar, sild, hyse, flekksteinbit, hummar mm. 
Hårvar.jpg

Ikkje berre laks: Forskarane har undersøkt marg og bein på mange fiskeslag, ikkje berre oppdrettslaks. Dette er skjelletet til ein hårvar, ei flyndre som blir opptil 25 cm lang, og som ein finn i norsk farvatn.