Kunstig lys og ein sverm av krill får torsken i teina

krilltorsk 2.jpg

Under dei rette føresetnadene kan store mengder krill sverme rundt lykta etter kort tid.

Fotograf: Odd-Børre Humborstad

Men ikkje kor som helst: – Vi veit no korleis du kan auke torskefangsten med lys i teiner. Ei rekke utfordringar gjenstår før det kan brukast kommersielt.

Det seier fangstforskar Odd-Børre Humborstad.

Lukta av akkar-agn kan trekke torsk til teiner på lang avstand. Men forsking viser at berre éin av ti torsk svømmer heilt inn i teina.

– Det kan det vere mange årsaker til. Når torsken kjem fram, finn han ikkje noko som liknar på kjent mat, kun ei stor og kanskje skremmande teine han aldri før har sett, seier Humborstad.

Kunne lys lokke torsken heilt inn? Forsøk gav varierande og uklare resultat, før gjennombrotet kom i Ramfjorden i 2016. Der kunne forskarane fange over 200 kilo torsk i enkeltteiner. (Sjå video nedst i saka.)

Magesekken baud på aha-oppleving

– Teina var stappfull av torsk, og torsken var stappfull av krill. Video-opptak viste tydeleg at store mengder krill raskt kunne samle seg i lyset. Då kom torsken etter meir enn villig. Ein sverm av næringsrik krill var tydeleg det som freista torsken, fortel forskaren.

Dei la om strategien til å finne ut kva lys som trekker til seg ikkje først og fremst torsk, men krill.

– Torsken ser faktisk ikkje ut til å bry seg særleg om lys med mindre der er krill i sikte, seier Humborstad.

Forskarane jobbar både i lab og med teiner for å finne det optimale lyset. Forsøk i eigne krillfeller indikerer at blått lys opp til ein viss lysstyrke vil dra mest krill. Det blå lyset rekk langt i sjøvatn, og det er dette krill-augene ser best.

(Les om krillfelleforsøka til masterstudent Kamilla Furseth.)

Teinelys gir ikkje suksess utan vidare

Med teiner blir torsken fanga levande. Det gir overlegen kvalitet og høve til å sleppe ut undermålsfisk i fin form. Det er miljøvennleg både fordi du brukar mindre drivstoff og påverkar havbotnen lite samanlikna med andre reiskapar. 

Men sjølv med den nye kunnskapen er ikkje teinefiske lik suksess. At krillen ikkje står i ro rundt lykta dersom det er straum, er éi av utfordringane.

– Vi kan trekke masse krill til teina i skjerma fjordområde der vi veit det står mykje i utgangspunktet. Men det er ikkje fjordtorsken vi ønsker å sikte fangsten inn mot, fortel Humborstad.

– Skal dette bli noko av, må vi ut på kysten der skreien held til. Der har vi førebels dårlege resultat med lys i teiner.

Vil prøve fleire ulike teiner

Til no er det tokammer-fisketeiner forskarane har prøvd ut mest og då på kortare forskingstokt.

– Vi ønsker å teste fleire ulike teinedesign som forhåpentlegvis kan fungere betre i eksponerte område. Både ved å gi «ly» for krillen, og ved at teinene ikkje kollapsar i straumen. Det har vore eit problem med dei samanleggbare teinene.

Forskarane har no gjennomført ei rekke forsøk med straumsikre teiner i ein testtank. Desse skal prøvast ut på havet.

Set i gang storskalaforsøk på kysten

– Vi har sprikande resultat med ulike teiner til ulik tid og stad. Det kan vere ein effekt av straum, ulik tilgang på krill eller tida teinene står ute.

– Derfor involverer vi fiskarar i eit storskalaforsøk som vil gi oss systematisk data for lengre fisketid i varierte kystområde. Forsøket startar til hausten med sju fiskefartøy frå Lofoten til Varanger, fortel Humborstad.
Forskinga er finansiert av Havforskingsinstituttet, EU-prosjektet MINOUW, Regionale forskningsfond og Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond.

Snakk med forskarane på fiskerimessa

Møt forskarane og lær meir om lys i fiskereiskap på fiskerimessa Nor-Fishing i Trondheim. Odd-Børre Humborstad står på vår stand i forskingstorget 21. august. Klokka 14:30 held han foredrag om emnet på opningsseminaret, som fiskeriministeren opnar.