Gå til hovedinnhold

Metode for behandling av sjuke fiskelarvar i oppdrett


torskelarve t vd meeren
Torskelarve
Foto: Terje van der Meeren

Ny doktorgrad: Irja Sunde Roiha disputerer 1. mars 2011 for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: “Bioencapsulation of florfenicol in Artemia franciscana and Brachionus plicatilis for treatment of bacterial diseases of Atlantic cod (Gadus morhua) and Atlantic halibut (Hippoglossus hippoglossus) larvae.”

Irja Sunde Roiha

Irja Sunde Roiha

Foto: Ingunn Bakketeig
I marine fiskeklekkeri hindrar sjukdomar ein stabile høg produksjon av yngel. Då marine larvar har lite utvikla immunsystem, kan dei ikkje vaksinerast mot aktuelle sjukdomar. Førebygging av sjukdomar er særs viktig, men når dei først oppstår, må det behandling til. Gjennom arbeidet er det utvikla ein metode for effektiv innkapsling av florfenikol i levande fôrorganismar, og metoden kan nyttast i behandling av bakterielle sjukdomar hjå marine fiskelarvar.

Marine fiskelarvar er avhengige av levande fôrorganismar i dei tidlege livsstadia. Dei mest brukte er hjuldyr, Brachionus plicatilis, og saltkrepsen Artemia franciscana. Fôrorganismar filtrerar næringspartiklar frå vatnet, og før dei vert gitt til larvane, betrar ein næringsverdien ved å tilsetje ulike næringsstoff til vatnet, som ei oppriking.

Tanken bak bioinnkapsling er å nytte levande fôrorganismar som ein ”tablett” for larvane. I studien vart det undersøkt om ein kan behandle sjuke larvar med florfenikol ved bruk av hjuldyr og/eller Artemia. Florfenikol eit breispektra antibiotikum som er aktivt mot ei rekkje bakteriar. Florfenikol er tungt løyseleg i sjøvatn og vil difor føreliggje som partiklar når det tilsetjast i vatnet. Det vart undersøkt om florfenikol i partikkelform vart teke opp av hjuldyr og Artemia, kva konsentrasjonar ein kan oppnå og kor raskt denne prosessen går. I vidare studiar vart opprika fôrorganismar gitt til fiskelarvar, og det viste seg at det er mogeleg å medisinere desse ved hjelp av levande fôrorganismar.

Det nye med denne metoden er at opprikinga av fôrorganismane går raskt (30-60 minutt). I tidlegare studiar, med andre typar antibiotika i Artemia, har opprikinga gått over fleire timar. Dersom ein skal behandle sjukdom i klekkeri, er det viktig å kome i gang med behandling så raskt som mogeleg, før larvane blir så dårlege at dei sluttar å ete. Metoden har også andre bruksområde og kan nyttast i alle klekkeri der ein brukar levande fôrorganismar, t.d. andre medikament.

Personalia:

Irja Sunde Roiha vart fødd i 1977 og vaks opp på Sunde på Sunnmøre. Ho har Bachelor of Science i mikrobiologi frå University of Surrey, UK, og hovudfag i mikrobiologi frå Universitet i Bergen/Universitetsstudiane på Svalbard. Ho har sidan hausten 2005 arbeidd som stipendiat ved Havforskingsinstituttet og doktorgradsarbeidet har vore utført med Ole Bent Samuelsen som rettleiar. Arbeidet har vore støtta av Noregs forskingsråd.

Prøveforelesing:

Gjennomført og godkjent 31. januar 2011. Oppgitt emne: ”Application of probiotic microbes in the larval phase of cultured marine cold water fish species.”

Tid og stad for disputas:

01.03.2011, kl. 1015, Auditoriet, VilVite-Senteret, Thor Møhlensgate 51, Bergen.