– Vi startar innsamlinga i ”kjellaren” og beveger oss oppover i vatnlaga, seier biolog Jan Henrik Simonsen om bord på forskingsfartøyet ”Johan Hjort”.
– Målet med innsamlinga er å finne dybdene kor de ulike fiskeartane gyter, fortset han.

- Eggsamlinga tar sikte på å finne ut kor djupt i havet dei ulike fiskeartane gyter, seier biolog Jan Henrik Simonsen. (Foto: Gunnar Sætra)
Ulike djup
Eggprøvene blir tatt på ulike djup. Det skjer ved hjelp av ein såkalla ”etasjehåv”. Den har ulike ”rom” eller ”etasjar” som opnar og lukker seg på bestemte djup.
– I alt er det åtte slike ”etasjar”. Den første er open i området mellom 200 og 150 meter, den neste i området mellom 150 og 100. Deretter samlar den egg på følgjande djup: 100 – 75 meter, 75 – 50 meter, 50 – 30 meter, 30 – 20 meter, 20 – 10 meter og 10 – 0 meter, seier Simonsen.
Håven er svært finmaska og få med seg alt som er meir enn ein halv millimeter stort.
– I år har vi til og med fått ein torsk i eit av romma. Det er første gong det skjer, fortel han.
DNA-analyse
Forskarane samlar inn egg frå fleire artar.
– Mest av alt finn vi torskeegg, men vi finn òg egg frå hyse, sei, øyepål, kviting osv. Prøvane som takast blir delt i to – den eine halvparten legg vi på formalin og tek med oss tilbake. Den andre halvparten blir lagt under mikroskopet og fotografert, forklarer Simonsen.
Han fortel også at det ikkje er mogleg å sjå skilnadene mellom til dømes torske- og hyseegg med det blotte auget.
– Difor sender vi egg til DNA-analyse slik at vi kan få bestemt kva for art dei kjem frå, opplyser Simonsen.
Kunnskapsinnhenting
Eggkartlegginga er ein del av Kilo-prosjektet (Kunnskapsinnhenting i Lofoten og Vesterålen).
– Hensikta med dette er som sagt å finne ut kor i vatnsøyla dei ulike fiskeartane gyter. Vi sere mellom anna at torsken gyter i vatnlaga som ligg høgt oppe, medan andre artar gyter lenger ned i vannmassane, avsluttar Simonsen.
