Hopp til hovedteksten
Renser_traalen_nett.jpg
Lodda sit ofte fast i trålmaskane og må då ristast ned mot trålposen.
Foto: Georg Skaret
Utskriftsvennlig versjon

Lodde på økosystemtoktet

Økosystemtoktet er så godt som slutt for i år, berre ein russisk båt er igjen i nord på jakt etter lodda nær iskanten.  Isdekket gjekk så langt sør at me etter alt å døma har mista deler av loddebestanden, men kor store deler er usikkert.

Det er ikkje kjekt å bli stoppa av isen slik, men det opnar opp for spesielle undersøkingar. I år var eit av måla på toktet å undersøka korleis nye akustiske metodar som automatisk gjenkjenning av akustiske registreringar og bruk av sonar til mengdemåling kan brukast på hausten i Barentshavet.

Gjenkjenning av lodde

Mange vil kjenne igjen ei lodde når dei ser ho, men ikkje alle veit at lodda også har ein særeigen akustisk utsjånad; ein akustisk signatur. Då er ho gjerne å sjå som litt kraftige flekkar av ulik form som antydar at ho går i stim.

Akustiske signaturar kan tolkast. Ved å senda ned lyd med ulik bølgjelengd og studera refleksjonen vil ein sjå at lodda reflekterer lyd i avtakande grad med minkande bølgjelengd. Ikkje ulikt sild, men svært ulikt makrellen som ikkje har symjeblære, eller torsken som har eit hopp når bølgjelengda ligg rundt 38 kHz. Under årets tokt har me bygd vidare på eit bibliotek med akustiske registreringar kor identifikasjonen er sikker, dvs. me har tråla på det og fått bekrefta at dette er reine registreringar av t.d. lodde, torsk eller ung uer (0-gruppe). Dette biblioteket kan brukast til å trena opp systemet til å kjenna att liknande registreringar ved andre høve.

Kan ikkje ekspertar gjera denne tolkinga slik det alltid har vore gjort? Jo, ekspertane har siste ordet, men dei automatiske verktøya blir stadig betre og eksperten kan få ein skulder å stø seg på viss han har ein dårleg dag.  

 

ekkogram2014116.png

Her er eit lite utsnitt frå spesialundersøkingane med sonar. Ideen er å dekka eit lite område fleire gonger gjennom døgeret og samanlikna mengda berekna med ekkolodd og sonar. Det øvste venstre panelet viser lodde registrert med ekkolodd, det nedste til venstre same dekning, men no sett med fleirstrålesonaren. Oppe til høgre er ei tredimensjonal grafisk framstilling av ein enkelt stim, og kartet nede til høgre viser det vesle området som blei dekka. Panelet i midten nede viser frekvensresponsen for lodde.

 

Sonar

Om bord på "G.O. Sars" er det to sonarar. Den eine er av ein type som også blir brukt av fiskebåtar, den andre er ein vitskapleg fleirstrålesonar av ein type det berre finst svært få av i verda. Opprinneleg var tanken at multistrålesonaren kunne overta mengdemålinga for ekkoloddet i tilfelle kor fisken t.d. vik unna fartøyet, eller er svært nær overflata. I år har me forsøkt å testa dette systematisk ut, og resultata ser til dels lovande ut. I tillegg til rein mengdemåling, ser me frå sonarane vandringa og fordelinga av fisk, og me kan få detaljert informasjon om forma og strukturen på stimar og korleis desse endrar seg over tid.