Hopp til hovedteksten
Bilde1a372.gif
Utskriftsvennlig versjon

Overvaking av miljøtilstanden i Barentshavet

På dette økosystemtoktet med "G.O. Sars" skal me også ta prøvar av fisk for å overvaka miljøtilstanden i Barentshavet. Eit av prosjekta som det vert samla inn prøvar til er tilstandsovervakinga 2008. Dette er eit prosjekt som Havforskingsinstituttet gjer på oppdrag for operatørane på norsk kontinentalsokkel.

Av Bjørn Einar Grøsvik


Bilde over: Trål på dekk. Kva får vi denne gongen?

Tilstandsovervakinga på fisk skal gjennomførast kvart tredje år og skal dokumentere i kva grad fisk frå norske hav¬område er påverka av forureining frå petroleumsverksemda. Omfanget blir fastsett av Statens forurensningstilsyn (SFT) i kvart tilfelle og er beskrive i Aktvitetsforskriften.

Prøvetakinga skal vere slik at den gir eit representativt bilete av dei viktigaste fiskeartane i regionen. I denne samanhengen er kunnskap om bestanden si samansetjing og vandring i den enkelte region viktig. I år blir det samla inn fisk frå Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet. Artane det vert fokusert på er torsk, hyse, sei og gapeflyndre.

bilde2a200H.gif
Bjørn Einar tek blodprøve av torsk i fiskelabben.

Me tek prøvar av lever, galle, blod og gonade. I lever skal det gjerast analysar av DNA-addukt. Dette blir gjort i samarbeid med Universitetet i Stockholm. Auka førekomst av DNA-addukt tyder på at oljekomponentar blir tekne opp, metabolisert og gir skade på DNA i fiskelevra. Det skal også gjerast analyse av feittsyresamansetjing i lever. I galle skal det målast nivå av PAH-metabolittar, som er ein indikator på om fisken har teke opp og metabolisert oljeforbindelsar. I blod blir det gjort målingar av plommesekkproteinet vitellogenin i hannfisk for å sjå om fisken er utsett for hormonhermande forbindelsar.

Gonade vert prøvetatt til histologi for å studere om ein har endringar i eggutvikling. Ein reknar Barentshavet og Norskehavet som reine havområde når det gjeld utslepp frå olje- og gassverksemda, men det er viktig og etablere referanseverdiar som ein kan samanlikna med i seinare studiar. Vi ønsker også å kunne samanlikne nivå funne i Barentshavet og Norskehavet med nivå funne i Nordsjøen.
 

 

les meir

Alle toktdagbøkene

Her er fartøyene

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet

Kontaktpersoner