Hopp til hovedteksten
arbeid_350.jpg
Utskriftsvennlig versjon

"Johan Hjort" godt i gang igjen

FF Johan Hjort fekk maskinproblem og vart taua til lands av Kystvakta tidlegare i månaden. Maskinen vart reparert i Tromsø, og etter mannskapsskifte 14. september stakk "Hjorten" til havs att med godt utkvilt og delvis nytt toktpersonell.


Av Sigbjørn Mehl

 

Det første døgnet gjekk med til å ta eit russisk snitt frå Nordkapp til Bjørnøya som ein del av det omfattande samarbeidet vi har med kollegaene våre i aust (les om snitt i toktdagbok 14.09). Dei som hadde gleda seg til å få sjå øya vart litt skuffa, den låg skjult i tett skodde. Vel, vel, vi skulle vidare mot nordaust og like forbi Hopen, kanskje vi hadde betre lukke neste gong, det var til og med snakk om ein tur i land. Men det var både kuling og mørkt då vi passerte Hopen, så vi får nøya oss med å finna glede i det faglege.

I det området Johan Hjort har dekka mellom Bjørnøya og Hopen hadde vi ifølgje ekkoloddet eit innslag av plankton, 0-gruppefisk (sjå toktdagbok 17.08 og 04.09) og lodde oppe i sjøen. Flytetrålfangstane viste at dette for det meste var krill, yngel av lodde, langebarn og torsk samt eitt år gamal lodde. I botntrålen har vi hatt mest av litt eldre torsk og hyse samt gapeflyndre. Hysa ser ut til å spreia seg lenger og lenger nordover etter som temperaturen i havet aukar. På ein stasjon fekk vi nesten eit tonn hyse, men den stod så tett i botnen at vi knapt registerte den på ekkoloddet. Dette er i visse periodar og område eit problem for akustisk mengdemåling av både torsk og hyse. I andre situasjonar  står kanskje fisken så høgt oppe i sjøen at den ikkje er tilgjengeleg for botntrålen. Mengdemål basert på ekkoloddregistreringar samsvarar derfor  ikkje alltid med mengdemål basert på botntrålfangstar, men stort sett gjev begge desse måla eit godt grunnlag for å vurdera utviklinga av dei viktigaste fiskebestandane våre.

Registreringar

Registreringar av 0-gruppetorsk per 18.09.07:

Registreringar av vaksen torsk per 18.09.07:

Registreringar av stor havnål per 18.09.07:

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet

Her er fartøyene

Fartøyenes posisjoner per 25.09.07
les mer

Kontaktpersoner

Sigbjørn Mehl
902 71 678

Kontaktpersoner

Sigbjørn Mehl
902 71 678