Hopp til hovedteksten
snabeluer_350.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Ei gladmelding

Somme vil truleg, etter å ha lese denne meldinga til endes, meina at det skal lite til for å gjera ein havforskar glad. Det får så vera.


Av Harald Gjøsæter, toktleiar "G.O. Sars"


Snabeluer. Foto: T. Wenneck, Havforskningsinstituttet

Det gjeld ueren. Denne raude, vakre djupvassfisken som det finst to, for ikkje å seie tre, artar av i Norskehavet og Barentshavet. Ueren har lidd ein ublid lagnad gjennom mange år. Fisketrykket vart for stort, som det lett hender for seintveksande fiskeartar, og i tillegg strauk store mengder yngel med i rekefisket på 80-talet, før sorteringsrister og strenge bifangstreguleringar vart sette i verk. Resultatet vart at både den vanlege ueren og snabelueren mest kom vekk i Barentshavet, og det er fint lite ein har kunne hausta av desse bestandane dei siste 20 åra. Vi havforskarar har etter beste evner åtvara mot for stort fiskepress, og har lokka med at dersom ein sparde dei få årsklassane som no byrjar verta gytemodne, og som er litt meir talrike enn dei som gjekk føre og kjem etter, så kunne dette kanskje gje oss ein auke i  yngelproduksjonen, som på lang sikt kunne hjelpa til å byggja opp bestandane. Det er nettopp dette som no synest vera i ferd med å skje.

Dei siste tre til fire åra er det igjen byrja koma ueryngel i trålen under 0-gruppeundersøkingane om hausten. Dette er noko vi knapt har sett sidan tidleg på 80-talet, då Barentshavet nærast ”flaut over” av ueryngel. Det er på langt nær slike mengder vi no ser, men det har vore ei positiv utvikling i fleire år, både har mengda auka og vi har sett det lengre og lengre inn i Barentshavet. I år har vi faktisk hatt ueryngelen med oss heile vegen austover til der vi no er, på Sentralbanken. Ikkje i store mengder, men frå ingenting til lite er også ein stor auke!

Det er for tidleg å trekkja konklusjonar. Vi veit enno ikkje kva årets 0-gruppeindeks vert. Vi veit heller ikkje sikkert om det er begge eller berre ein av artane som no syner ei betra rekruttering, for det er uråd å sjå forskjell på artane medan dei er så små. Vi veit heller ikkje om denne yngelen vil overleva i så store mengder at det faktisk vil gje det oppsvinget i bestandane som vi håpar på. Og uansett vil det gå mange år før ein kan hausta av den auken som vi no kanskje ser byrjinga på. Men trass i alle desse atterhalda som vi som forskarar er nøydde å ta, så gler vi oss altså saman med ueren i dag!

~les meir om uer

Fakta om snabeluer

Latinsk navn: Sebastes mentella
Andre norske namn: Nebbuer, djuphavsuer
Familie: Scorpaenidae
Maks storleik: 47 cm og 1,3 kg
Levetid: Over 70 år
Leveområde: Barentshavet, Svalbard og kontinentalskråninga (400–600 m) mot Norskehavet sør til britisk sone. Føretek også næringsvandringar ut i det pelagiske Norskehavet (300–450 m)
Hovudgyteområde: Langs heile eggakanten frå britisk sone til Bjørnøya
Gytetidspunkt: Mars–april
Føde: Plankton viktigast dei første leveåra. Deretter større plankton og fisk
Særtrekk/artighet: Ueren ynglar, dvs. han “gyt” levande larvar

Snabeluer

Fakta om uer

Latinsk namn: Sebastes marinus
Familie: Scorpaenidae
Maks storleik: 1 meter og meir enn 15 kg
Levetid: Over 60 år
Leveområde: 100–500 meters djup i Nordsjøen–Barentshavet, også i norske fjordar
Hovudgyteområde: Vesterålen, Haltenbanken, Storegga
Gytetidspunkt: April–mai
Føde: Plankton viktigast dei første leveåra. Deretter større plankton og fisk
Særtrekk: Ueren ynglar, dvs. han “gyt” levande larvar

Vanlig uer

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet

Her er fartøyene

Fartøyenes posisjoner per 25.09.07
les mer

Kontaktpersoner

Harald Gjøsæter
414 79 177

Kontaktpersoner

Harald Gjøsæter
414 79 177