Hopp til hovedteksten
Provetaking-av-torsk_350.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Biomarkørar

På dette toktet med "Johan Hjort" er det også teke vevsprøvar av fisk for biomarkøranalysar. Ein biomarkør er ei målbar endring på vevs- eller cellenivå som kan bli påverka av forureining. For å kunne bruka og tolka desse endringane er det nødvendig å vita kva som er både normalnivå og normal variasjon, t.d. kan parameteren vere kjønnsavhengig eller variere med modning, alder, temperatur og sesong.


Av Bjørn Einar Grøsvik, om bord på ” Johan Hjort”

Bilde over: Prøvetaking av torsk.

Det er blitt teke prøvar av galle, lever og blod av torsk, blåkveite og hyse. I galle blir ein del bindingar som blir omsett i fisken oppkonsentrert, og gallevæske har derfor vist seg å vera eigna til å måla om fisk har teke opp og omsett PAH-bindingar som ein blant anna finn i olje. Levra er viktig for omsetjing og utskiljing av framandstoff, og nivået av enzymet cytokrom P450 er ein mykje brukt biomarkør. Nivået av dette enzymet aukar dersom fisken er utsett for forureining som inneheld PAH. Opptak og omsetjing av forureinande stoff fører og til auka oksidativt stress. Endringar i nivå av slike biomarkørar måler ein ofte i levra. I blod kan ein t.d. måla nivå av eggeplommeprotein som har vist seg å vera ein svært følsam biomarkør for hormonforstyrring.

Dersom det skulle skje eit oljeuhell i Barentshavet vil ein ønska å måla på slike parametrar som nemnt over for å få vita i kva grad fisken er blitt påverka av eit utslepp. Det er då viktig å ha data å samanlikna med. Det er typisk at når slike ting skjer, så manglar ein referansedata.

Det å måla effektar av forureining er heila tida i utvikling. Derfor er det også viktig å lagra materiale som ein kan gå tilbake til dersom det blir funne nye biomarkørar som kan gi betre svar om fisk er påverka av forureining eller ikkje.

Her er fartøyene

Fartøyenes posisjoner per 25.09.07
les mer

Kontaktpersoner

Kontaktpersoner