Hopp til hovedteksten
Kyst
Foto: Sigbjørn Mehl
Utskriftsvennlig versjon

Kysttoktet

Kysttoktet er Havforskingsinstituttet sitt årlege tokt på kysttorsk, sei og hyse.

Hovudføremålet med toktet er å framskaffa fiskeriuavhengige data for kysttorsk og nordaustarktisk sei. Havforskingsinstituttet tok til med seitokt i 1985, medan det har vore tokt på kysttorsk sidan midten av 1990-talet. I 2003 vart dei to tokta slegne saman.

Forskingsfartøya som deltek i toktet går til saman 8 000 nautiske mil frå Varanger til Stad.

Kysttoktet er eit akustisk tokt. Toktet følgjer faste kursliner der det registrerer fisk ved hjelp av ekkolodd.

Tidsseriane for kysttorsk og sei er heilt sentrale i bestandsvurderingane og rådgivinga for dei to bestandane. Det blir også registrert data for andre fiskeslag og krepsdyr. På dei viktigaste fjordane blir det teke miljøstasjonar med måling av temperatur, salt og næringsinnhald i sjøen. Det vert også teke forureiningsprøvar av bunnsediment. Prøvar av fisk vert samla inn for analyse av eventuell forureining.

Toktet kartlegg geografisk fordeling og framskaffar mål for viktige bestandsvariablar som talet på fisk, gjennomsnittslengde, -vekt og modning i kvar aldersgruppe i bestandane av kysttorsk, sei og hyse i kyst- og fjordområda frå Stad til Varanger.

Innsamla data og tilhøyrande resultat vert nytta i bestandsanalysane og -vurderingane i ICES og i fleire av Havforskingsinstituttet sine prosjekt.